Felles barn, felles ansvar 14. – 15. september 2017

Programmet for konferansen Felles barn, felles ansvar 2017 er no klart. Årets konferanse er prega av at Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken frå 01.01.17 er slått saman til Kulturtanken. Kva det betyr for oss? Lin Marie Holvik, direktør for Kulturtanken, Torstein Siegel, dagleg leiar i UKM Norge og Morten Christiansen, direktør i Norsk kulturskuleråd, deltek på konferansen og er utfordra til å dele sine tankar om dette.

Vi skal også sjå på korleis vi kan løfte i lag og få til gode satsingar og prosjekt gjennom gode eksempel frå kommunar i fylket. Det blir også parallellsesjonar med UKM, DKS eller kulturskule som tema.

Konferansen er for UKM-kontaktane i kommunane, DKS-kontaktane på skulane og i kommunane, kulturskuletilsette og elles alle som arbeider med kulturformidling for, av og med barn og unge.

Meir informasjon om prisar og påmelding her: www.sfj.no/fellesbarn.

Prisane gjeld ved påmelding innan 10. juni 2017.

Konferansen «Felles barn, felles ansvar» blir arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune v/DKS og UKM og Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane.

Det er oppretta ein event på Facebook, følg den om du ynskjer: https://www.facebook.com/events/170628050088277/