Klare for UKM-festivalen 2017
20 ungdomar frå Sogn og Fjordane reiser onsdag 21. juni til UKM-festivalen i Sandnes.

UKM-festivalen går over tre dagar med arrangement frå tidleg morgon til sein kveld.
I tillegg til å delta på sceneframsyningar og kunstutstilling, skal ungdommane jobbe saman ungdommar frå andre fylke i ulike verkstader to heile dagar – under overskrifta #ukmblend. Tema for #ukmblend er DinID, og resultatet av verkstadane blir vist i Sandnes sentrum laurdag 24. juni.
Deltek med miksinnslag
Under UKM-festivalen i Høyanger tidlegare i år plukka fagpanelet ut deltakarar til eit miksinnslag frå Sogn og Fjordane. Desse fire møttest for ei tid sidan og laga ei heilt ny låt saman, som dei skal delta med på festivalen.
Det er første gong Sogn og Fjordane har med eit miksinnslag på den nasjonale festivalen.
Meir enn musikk, dans og kunst
UKM er ikkje berre for dei som driv med musikk, dans eller kunst. I år har Sogn og Fjordane med ein ung forfattar frå Bremanger, som skal lese ein sjølvskriven fanfiction-tekst under ei av framsyningane.
To av ungdommane skal vere med som unge arrangørar og ha oppgåver knytte til sjølve gjennomføringa av festivalen. Vi har også ein ungdom som skal vere konferansier under ei av framsyningane. Sogn og Fjordane sine representantar i Ungdommens ressursgruppe nasjonalt (URG) deltek også på festivalen.
Den sosiale delen av festivalen er viktig, og det blir både korslag, grilling i Sandvedparken og nattkino, i tillegg til eit stort avslutningskalas i Sandnes sentrum seint laurdag kveld.
Frå alle delar av fylket
Hovudarenaer for festivalen er Vågen vidaregåande skule og Sandnes kulturhus, der det skal vere sceneframsyningar. Kunstutstillinga blir i KinoKino, eit hus som tidlegare har vore både rådhus og bibliotek.
Deltakarane frå Sogn og Fjordane kjem frå kommunane Gulen, Eid, Førde, Bremanger, Hornindal, Stryn, Solund, Lærdal, Vågsøy, Gloppen og Årdal. Dei vart plukka til å delta i samband med UKM-festivalen Sogn og Fjordane, som vart arrangert i Høyanger tidlegare i år.
Oversikt over UKM-deltakarane frå Sogn og Fjordane i 2017.
Meir om UKM-festivalen i Sandnes.
Meir informasjon om #ukmblend.
Kontaktperson for turen
Eva Kristin Svidal
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no