Signerte to nasjonale kulturavtaler

Konferansen «Felles barn, felles ansvar» i Førde sist veke vart åstad for signeringa av viktige avtalar om kultur for barn og unge.

Med felles mål om å sikre barn og unge gode kulturelle oppvekstmiljø, har Norsk kulturskulerådKulturtanken og UKM Norge signert to ulike avtalar.

 Betre samspel mellom DKS og kulturskulen

Den eine avtalen er ein treårig samarbeidsavtale mellom kulturskulerådet og Kulturtanken. Målet er å få til eit betre samspel mellom kulturskulen og Den kulturelle skulesekken (DKS) lokalt, samt – om mogleg – det frivillige kunst- og kulturlivet i kommunen.

– Kulturskulane og DKS er kvar for seg svært gode og viktige ordningar. Eit auka samarbeid trur vi vil gje barn og unge i Sogn og Fjordane eit enno betre kulturelt oppvekstmiljø. I eit fylke som vårt er det særs viktig å legge til rette for gode, desentraliserte tilbod, seier fagkoordinator for DKS i Sogn og Fjordane, Øyvind Sunde Høstaker.

 Her er samarbeidsavtalen mellom Norsk kulturskuleråd og Kulturtanken

 Meir meistring – mindre utanforskap

Den andre avtalen som vart signert i Førde sist veke, er ein treårig intensjonsavtale mellom Norsk kulturskuleråd, Kulturtanken og UKM Norge.

 Målet med denne avtalen er at partane skal samarbeide, dele erfaringar og setje i gang nye prosjekt nasjonalt, i tillegg til å stimulere til nytenking innan kulturliv og skule. Det er også eit mål å få til liknande prosessar regionalt og lokalt. Partane ønskjer at barn og unge gjennom oppleving, læring og eigenaktivitet skal få auka mestringskjensle – og at dei skal sleppe å oppleve utanforskap.

 – Vi er alt godt i gang med dette arbeidet gjennom konferansen Felles barn, felles ansvar som fylkeskommunen har arrangert i samarbeid med Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane i fleire år. Den nasjonale intensjonsavtalen gjev grunnlag for å utvikle samarbeidet vidare og stimulere til meir samarbeid også lokalt i kommunane, seier fylkeskontakt for UKM i Sogn og Fjordane, Eva Kristin Svidal.

 Her er intensjonsavtalen mellom Norsk kulturskuleråd, Kulturtanken og UKM Norge

 På nettsidene til kulturskulerådet kan du lese meir om samarbeidspartane og deira kommentarar til dei nye avtalane.

 

For meir informasjon

Øyvind Sunde Høstaker
fagkoordinator, DKS Sogn og Fjordane
oyvind.hostaker@sfj.no
952 22 168
 

Eva Kristin Svidal
fylkeskontakt for UKM
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693