Vil ha fleire med på UKM
Jenny Hatlelid Holsæter leiar Ungdommens ressursgruppe (URG), som jobbar med å få fleire ungdomar i Sogn og Fjordane med på UKM – Ung kultur møtest.

URG er sett saman av fem ungdomar som skal vere med å utvikle UKM. Dei er frå ulike delar av fylket og skal kome med innspel og idear til korleis UKM i Sogn og Fjordane kan bli endå betre. Dei skal vere ungdomsstemmene inn i arbeidet med UKM i både kommunane og i fylkeskommunen.
Ungdom i alle ledd
– Så langt har fleire kommunar meldt interesse for å samarbeide med oss i UKM. Vi har som mål at ungdommen skal få påverke og utføre så mange arbeidsoppgåver som mogleg i kommunane. Det gjer det kjekt å vere med, seier Jenny Hatlelid Holsæter.
UKM er av, for og med ungdomar. Som deltakar kan du delta med alle typar kulturuttrykk – musikk, teater, dans, kunstutstilling, stand up, animasjon, sjonglering – det du måtte ønskjer. I tillegg kan du også delta bak scena, som til dømes arrangør eller fotograf.
URG vil også ha ei sentral rolle på UKM-festivalen i Høyanger 13.–15. april 2018, der dei skal ha ansvaret for sosiale aktivitetar på kveldstid. Målet deira er å få snakke med alle deltakarane i løpet av festivalen.
Ta kontakt med URG om du har spørsmål om eller idear til UKM.
Kontaktinformasjon
Jenny Hatlelid Holsæter (leiar)
476 41 187
sognogfjordane@urg.ukm.no
Ive van Oorschot (nestleiar)
995 84 244
ive.van.oorschot@gmail.com
Oddbjørn Litlabø
481 48 706
litlabo@outlook.com
Frida Bjørnereim
413 88 156
fribjorn@gmail.com
Rakel Sørhaug
907 42 421
rsorhaug@gamil.com