No kan du melde deg på UKM Sogn og Fjordane 2018!
Er du mellom 13 og 20 år og ønskjer å delta i UKM? No kan du melde deg på UKM 2018!

UKM står for Ung Kultur Møtest og er ein møteplass for ungdom og kultur der du kan delta med alle slags kulturuttrykk. Du kan også delta som konferansier, arrangør og i UKM Media.
Påmeldinga skjer via nettsida til UKM Sogn og Fjordane. Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i kommunen din.
Vidare til fylkes- og landsfestival
Kvar kommune vel under lokalmønstringane ut ungdomar som får representere kommunen på UKM-festivalen Sogn og Fjordane. Kommunemønstringane vert arrangerte i perioden februar til mars, og UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i Høyanger 13.–15. april 2018.
Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 25.–29. juni 2018.
Kontakt UKM-kontakten i din kommune om du har spørsmål som gjeld UKM.