URG planlegg UKM-festivalen i Høyanger

16. januar møttest URG Sogn og Fjordane og OnCue på Sandane for å planlegge UKM-festivalen i Høyanger i 13. – 15. april. OnCue er hovudarrangørar for festivalen også i 2018.

Engasjementet vart stort, og det vart diskutert både kva lokale som skal nyttast, workshops, mat og sosiale aktivitetar på kveldstid.

Neste planleggingsmøte blir i mars. Då reiser URG til Høyanger for å spikre dei siste detaljane.