UKM-workshop i Gulen

For litt sidane samla 19 ungdommar seg på UKM-workshop i Gulen der dei fekk lære litt meir om korleis det er å jobbe med blandt anna lyd og lys, foto og media, sang og scene og arrangørrolla i UKM.

Mange trur kanksje at UKM kun er eit arrangement der ungdom skal få vise seg fram gjennom sceneinnslag og utstilling, men mange ikkje veit er at det er ungdommen som styrer heile showet. Under helgas workshop fekk ungdom i Gulen ei djupare innføring i det å vere arrangør av eit arrangement.

For deltakarane Emmeline (10) og Hannah Sofie (13) er det sang som gjelder. Det er fyrste og andre gong dei er med på UKM, og dei drøymer om å bli sangarar. Under workshopen fekk dei tett oppfølging av Camilla Haveland som har heile 11 års erfaring med ukm, både innen utstilling, scene og som arrangør.

Men for få til eit bra show på scena treng ein god hjelp frå lyd- og lysteknikkarar. Brødrene Joar (10) og Amund (11) interesserar seg for lyd og lys, men er ikkje sikre på om dei vil fortsette med dette. Men då er det bra at dei får ein gjennomgang saman med Jan Thomas Halsvik som gjennom dei siste åra har jobba seg oppover, og i dag er lydteknikkaren til artisten Sigrid. Han starta sjølv med musikk men fant etterkvart ut at det var lyd og lys han ville drive med. Han har sjølv vert med på UKM to gonger.

Det er ungdomsrådet i kommunen og 9. klasse ved Dalsøyra skule som er hovudarrangørane for UKM i Gulen. Bastian (14) representerar begge deler. Han synest det er bra at ungdommane får komme på workshopen og lære litt meir om det å arrangere. Det sosiale og det å samarbeidet med andre ungdommar synest han og er både kjekt og viktig. Saman med sju andre meldte han seg på arrangørgruppa under workshopen. Den er leia av Viggo Randal som har bakgrunn frå å arrangere store arrangement som festivalen Utkant. Han har vert med å arrangere forskjellige arrangement sidan han var 14-15 år. Han sit med mykje informasjon og erfaring om kva som må til for å realisere eit slikt arrangement.

Tekst og foto:  Kathe Bruåsdal Haveland, Sabrina Staneviciute, Iselinn Flolid Haveland og Maria Håvåg.