Har du lyst å vere med i URG Sogn og Fjordane?

URG står for Ungdommens ressursgruppe, og vi er ei gruppe ungdommar som jobbar for å få fleire med på UKM. Sidan nokon av oss skal flytte frå fylket, treng vi nye medlemmar.

Hovudoppgåva vår er å vere med å planlegge UKM-festivalen Sogn og Fjordane kvart år. Der har vi ansvar for sosiale aktivitetar og at alle skal ha det bra.

Er du mellom 15 og 20 år med erfaring frå UKM? Har du lyst til å vere med å gjere UKM enda betre?

Meld deg som kandidat til URG Sogn og Fjordane ved å fylle ut skjemaet her: