Avslutta på best mulig måte
I det deltakarane møtte til frukost i Aulaen blei dei møtt av dei same gode sanitetskvinnene frå dagen før.

Men denne morgonen hadde URG pop-up konkurransar med premiar sponsa av Los Bando filmen. Dette fekk futt på deltakrane og 4 heldige vinnarar stakk av med sigeren.
Workshop holdarane var klare for ein ny dag med ein ny gjengen som ville lære nye saker og ting.
UKM-Knutane gjekk til ein ende denne dagen og over gira deltakarar gjorde alt for å få ferdig knutekorta sine, dette fekk URG ei påkjenning på gjennom heile dagen. To heldige gjekk av med kvar sitt headsett frå sponsoren vår BOSE. (Alle var spesielt på jakt etter kanina)
Årets siste framsyning gjekk av og her var det ekstremt god stemning gjennom heile framsyninga, deltakarane på scena, husbandet og alle dei bak scena gjorde ein bra jobb. Etter dette var det på tide å seie hade til nye venner, pakke saman sakene sine å byrje reisa heim.
Oppsummering av helga: RÅ flinke folk både på og bak scena, mangfald av kunst på alle ulike måtar, UKM-Media har jobba på for å få dekt UKM-Festivalen Sogn og Fjordane på best mulig, URG har jobba hardt for eit heidundrande sosialt opplegg og alle har forhåpentligvis kost seg like masse som arrangørane bak denne festivalen i år.
PS: Gratulere til alle som har komt vidare og som skal være med å presentere Sogn og Fjordane i juni.