Meld deg på konferansen Felles barn, felles ansvar 2018
Konferansen blir arrangert på Sunnfjord Hotel & Spa i Førde 20. - 21. september. Tema er korleis vi kan løfte i lag og få til gode satsingar og prosjekt på tvers av ordningane UKM, DKS og kulturskule.

Både KS og ordførarar frå kommunar i fylket skal få seie sitt om dette. I tillegg blir det presentasjon av prosjekt og satsingar i ulike kommunar.Det blir også visning av produksjonar som skal på turné i DKS skuleåret 2018/2019. Nokon blir vist om kvelden dag 1, medan andre i ein eigen parallellsesjon for DKS dag 2.
Samtidig med DKS-sesjonen dag 2 vil det også vere sesjonar for UKM og kulturskuletilsette. Lokalkontaktane for UKM får vere med på ein verkstad om korleis få til UKM Media i kommunane. Ressurspersonar i arbeidet med UKM Media nasjonal vil halde verkstaden. Tilsette i kulturskulane kan velje mellom sju ulike parallellar med tema alt frå arrangering for samspelgrupper til lokalt læreplanarbeid.
Heile programmet og praktisk informasjon om konferansen finn du her
Påmeldingsfrist er 20. august 2018.
Målgruppene for konferansen er
Torsdag:
- Politikarar
- Administrativ leiing i kommunane
- Rektorar i grunnskule og kulturskule
- Lokalkontaktar for UKM
- Kommunekontaktar for DKS
Torsdag frå kl. 17.30 og fredag:
- DKS-kontaktane på skulane
- Kommunekontaktar for DKS
- Lokalkontaktane i kommunane
- Kulturskuletilsette
- Distriktsmusikarar
- Rektorar i grunnskulen