UKM 2019 er i gang
Er du mellom 13 og 20 år og har lyst til å delta i UKM? Frå 1. november kan du melde deg på UKM 2019!

Du melder deg på nettsida www.ukm.no . Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i kommunen din.
UKM står for Ung Kultur Møtest og er ein møteplass for ungdom som driv med kulturaktivitetar. Du kan delta med alle slags kulturuttrykk. Du kan også delta som konferansier, arrangør og i UKM Media.
Vidare til fylkes- og landsfestival
Kvar kommune vel under lokalmønstringane ut ungdomar som får representere kommunen på UKM-festivalen Sogn og Fjordane. Lokalmønstringane vert arrangerte i perioden februar til mars, og UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i Nordfjordhallen i Vågsøy 29. – 31. mars 2019.
Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen som blir arrangert 24. – 28. juni 2019.
Kontakt UKM-kontakten i din kommune om du har spørsmål som gjeld UKM.
Kontaktperson i fylkeskommunen
Eva Kristin Svidal
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no