Ung kultur møtest i Vågsøy

UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Nordfjordhallen 29.–31. mars. 230 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.

I løpet av festivalhelga skal ungdomane delta på sceneframsyningar og utstillingar, der alt er ope for publikum. I tillegg blir det sosiale aktivitetar og workshops.

Å delta på UKM er ikkje berre for dei som likar å stå på ei scena eller stille ut bilete. Framsyningane blir leia av unge konferansierar, og i kulissane er det unge arrangørar.

Ungdom dokumenterer ungdom

Ein eigen festivalredaksjon med ungdom dekkjer festivalen gjennom videoreportasjar, tekst og foto publisert på nettsider og i sosiale medium. Kari-Louise Morgan og Ingeborg Langeteig er elevar ved Sogndal vidaregåande skule og leiar redaksjonen, som var eit nytt tilbod i 2018.

I tillegg lagar medieelevar frå Sogndal fleirkameraproduksjon frå framsyningane. Sendinga blir strøyma på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Medielinja skal også ta bilete av både sceneinnslag og kunstnarar, og bileta blir gjort tilgjengelege for media.

Vågsøy kommune er hovudarrangør

Eit fagpanel plukkar ut kven som skal representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Stjørdal 24.–28. juni. Også unge konferansierar, arrangørar og deltakarar i UKM Media får vere med dit.

Vågsøy kommune er hovudarrangør for festivalen i 2019, og dei stiller heile Nordfjordhallen til disposisjon for deltakarane. Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har ansvar for UKM-arbeidet på fylkesnivå, er glade at kommunen har tatt på seg ansvaret for arrangere festivalen.

Les meir om festivalen på www.ukm.no/sognogfjordane

For meir informasjon

Cathrine Høyland Barmen
Vågsøy kommune
976 90 114
cathrine.hoyland.barmen@vagsoy.kommune.no

Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no