Klare for UKM-festivalen 2019

Måndag 24. juni reiser 20 ungdommar frå Sogn og Fjordane til UKM-festivalen i Stjørdal.

UKM-festivalen går over 3 dagar med arrangement frå tidleg morgon til sein kveld. I tillegg til å delta på sceneframsyningar og kunstutstilling skal ungdommane vere med på workshops, føredrag og ulike sosiale aktivitetar. Hovudarena er Kimen kulturhus der det skal vere sceneframsyningar og kunstutstilling.

Ni kommunar i Sogn og Fjordane representert

Deltakarane frå Sogn og Fjordane kjem frå kommunane Sogndal, Luster, Fjaler, Stryn, Høyanger, Førde, Vik, Bremanger og Gulen. Dei vart alle plukka ut til å delta i samband med UKM-festivalen Sogn og Fjordanesom vart arrangert i Nordfjordhallen i Vågsøy tidlegare i år.

Ungdom på og bak scena

UKM er ikkje berre for dei som driv med musikk, dans eller kunst. I år har Sogn og Fjordane også med ein konferansier som skal leie eit av framsyningane i Kimen, og to arrangørar som skal ha oppgåver knytt til sjølve gjennomføringa av festivalen. 2 ungdommar skal vere med i UKM Media og ha oppgåver knytt til mellom anna fleirkameraproduksjonen frå framsyningane. Alle framsyningane blir sendt direkte på www.ukm.no.

Den sosiale delen av festivalen er viktig. Festivaldeltakarane kjem frå heile landet, og det er sett av god tid til å bli kjende med kvarandre. Det blir opningsshow, kveldsaktivitetar og eit stort avslutningsshow berre for deltakarane.

Les meir om UKM-festivalen i Stjørdal på http://ukm.no/festivalen