UKM Vinje 1.mars 2025
Me vil gjerne få til ei mangfaldig og innhaldsrik framsyning og utstilling på Vinjehuset. Dei frå 5.

Me vil gjerne få til ei mangfaldig og innhaldsrik framsyning og utstilling på Vinjehuset. Dei frå 5.klasse og og oppover kan melde seg på.
Her er lista over alt me ynskjer at skal med denne dagen:
Til utstilling: Teikning, måleri, skulpturar, handverk som veving, tredreiing, knivmaking, rosemåling, brodering, smykke, lego, noveller og figurar +++.
Til konsert: Song, dans, band, film, teater, musikal, cosplay, standup +++
Dette er eit arrangement av og for ungdom. Det beste er om deltakarane melder på seg sjølv eller at ein i gruppa/bandet tek ansvar og melder på alle. Tips: Om du som føresett likevel er den som melder på, lat som du er ungdomen og meld på med både med ungdomen sitt namn og alder.
Eit fåtal, som har lyst, kan kome vidare til UKM-festival i Skien i april. Dette må vere sjølvstendig ungdom som klarar seg på eiga hand backstage, på eit stort arrangement.