Arrangøren Mari
Møt Mari! Mari er ein av deltakarane frå Volda. Ho fann ut at ho ikkje måtte syngje for å vere med på UKM-moroa! Ein kan jo berre vere med som arrangør!

MARI
Kva heiter du?
Eg heiter Mari Ims Lied
Kor gammal er du?
Eg er 15 år, men blir 16 i april.
Stjerneteikn?
Væren
Har du eit kallenamn?
Eg blir gjerne kalla vims av mine nærmaste vennar.
Dei påstår at eg er litt vimsete, kan kanskje sei meg litt einig der. Og sjølvsagt fordi det er veldig likt eit av dei to etternamna mine.
Kva skule går du på?
Eg går siste året på Volda ungdomsskule.
Har du eit kjæledyr?
Eg har 3 katta. Ein litt eldre han katt, ein litt yngre ho katt som blei gravid, så no sit vi igjen med ein liten kattepus som vi ikkje klarte å få gitt vekk.
Og så har vi ein hund (eurasier), dette er personleg det dyret eg likar best.
Har du nokon hobby?
Eg spelte fotball men måtte slutte pga skade i kne.
Eg sit i ungdomsrådet som representant for ungdomsklubben i Volda og vil sjølv seie at eg engasjerer meg over gjennomsnittet for arbeidet om ein ny ungdomsklubb i Volda.
Kva er på agendaen i dag?
I dag skal eg gjere lekse og eigentleg bare gjere sånne små ting 🙂
Kva gjer Mari om 10 år?
Om 10 år vil eg tru at eg er godt i gong med utdanning innafor sjukepleie. Noko som går på å jobbe med folk er i alle fall sikkert!
Kva Gjer Mari om 20 år?
Om 20 år håper eg at eg har ein jobb eg trivast med, eg må seie at eg synst det er skummelt og tenkje så langt fram i tid… Håper eg bur ein plass eg trivast på, og fått stifta familie. Om 20 år er eg jo blitt halvveis gammal. HJELP!
Du er påmeldt på UKM i Ørsta kulturhus 17. mars, kva skal du delta med der?
På UKM er eg meldt på som ung arrangør, dette er noko eg ser veldig fram til!
Kor mange år har du vore med på UKM?
I år blir dette mitt 2. år, eg blei først med i fjor og synst det var so kjekt at eg måtte bare melde meg på i år også.
Kva er kjekt med å vere med på UKM?
Det er veldig vanskeleg og avgrense kva ein skal sei i eit kort spørsmål om UKM. Eg synst UKM er eit heilt fantastisk arrangement som er kjempe kjekt og sosialt! Eg hugsar at eg var litt nervøs i fjor, men eg blei tatt i mot med opne armar! Alle er kjempepositive og eg møtte mange nye fjes. Eg trudde jo at UKM bare var for dei som kunne å synge, danse, ta fine bilete eller teikne – rettare sagt dei med litt kunstnarisk talent. Men her tok eg feil, for UKM er ikkje bare ei sceneframvising og kunstutstillinga. Der er faktisk mykje arbeid bak det heile, men det er veldig kjekt og gjevande arbeid. Eg blei nesten sjokkert over den gode følelsen eg hadde etter UKM var over. Eg vil beskrive UKM som lærerikt, sosial, gjevande og fantastisk!
Kan du nemne eit innslag på UKM som gav inntrykk på deg?
Eg hugsar at eg blei imponert over alle innslaga og kunst utstillinga. Det som gjorde inntrykk på meg var eigentleg korleis det heile var gjennomført frå start til slutt.
Sei det nok ein gong; UKM var fantastisk og alle burde prøve seg som ung arrangør.
Blei også imponert og det gjorde inntrykk at det var mange flotte folk i alle aldra som dreiv med frivillig arbeid.
Kva gjer eigentleg ein arrangør?
Det mi oppgåve som ung arrangør vart å jobbe i sekretariatet eller administrasjonen.
Der passa eg på at dei som hadde kunstverk å levere inn hadde levert alt og at dei namn på.
Passa på at folk møtte opp til scene prøver til rett tid. Her måtte eg gjerne finne nr og ringe med påminning om tider og ringe eventuelt på nytt når folk var seine å møte opp før «showet» starta. Eg gjorde også litt småting, som å levere ut t-skjorter og skrive diplom til dei andre som var med.
Då det var sceneshow var eg backstage, viss det var nokon som var nervøse kunne eg hjelpe til med å halde nervane i sjakk, levere ut diplom og skape god stemning på backstagen.
Men selvfølgeleg er det andre ting du kan gjere som arrangør: Du kan være og jobbe med lyd, lys, som scenearbeidar eller artistvert, i info/sekretariat (som eg har meldt meg på i år også), eller du kan melde deg på som koordinator/produsent. Så her er veldig mykje å velje mellom!
Foto: Sunniva Ims Lied