Mr. Khaled

Khaled Moussa er ein musikar med mange talent! Han elskar det sosiale med UKM og tilbakemeldingane på korleis han kan forbetre seg!

Kva heiter du?

Khaled Moussa

 

Kor gammal er du?

Eg er 16 år og stjerneteiknet mitt er tyren.

 

Har du eit kallenamn?
Eg har ingen kallenamn.

 

Kva skule går du på?
Eg går på Volda vidaregåande skule, linja eg går på er Musikklinja.

 

Har du eit kjæledyr?

I heimen har vi to kattar, Minni og Missi.


Har du nokon hobby?

Hobbyen min er å synge og spele gitar/piano.

 

Kva er på agendaen i dag?

Målet mitt er å gjere alle som er i salen imponert og gjere sånn at dei huska meg.

 

Kva gjer Khaled om 10 år?

Om 10 år er eg ein kjent artist eller so held eg på å studere til å bli doktor.
Om 20 år gjer eg mest sannsynleg det same.


Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 17.mars, kva skal du delta med der?

I år skal eg delta med ein song som heiter «Outrunning Karma» av Alec Benjamin,
også skal eg også synge med nokon andre på ein anna song.

Kor mange år har du vore med på UKM?

Eg har vert med på UKM 2 gongar før, og eg har berre komt vidare ein av gongane.

Kva er kjekt med å vere med på UKM?

Det kjekke med å vere med på UKM er at eg kan få mange gode tips til å bli betre, også elska eg det sosiale.