Für Elise..eller frå Elise?
Elise har vore med i UKM 2 gongar via ungdomsrådet. Ho har prøvd seg på ulike ting, båe som arrangør og konferansier!

Kva heiter du?
Elise Stokken.
Kor gammal er du?
17 år.
Stjerneteikn?
Krepsen.
Har du eit kallenamn?
Nei.
Kva skule går du på?
Volda VGS, samfunnsfagleg studiespesialiserande.
Har du eit kjæledyr?
Ein katt.
Har du nokon hobby?
Eg driv med ju jitsu, kobudo og politikk.
Kva er på agendaen i dag?
I dag går dagane i å jobbe med stiftinga av Møre og Romsdal Barne- og Ungdomsråd, jobbe med sakene til Ørsta Ungdomsråd, førebuingar til lokalvalet og skule.
Kva gjer Elise om 10 år?
Har ikkje peiling.
Kva gjer Elise om 20 år?
Har ikkje peiling.
Kor mange år har du vore med på UKM?
2 år, 1 år som arrangør og 1 år som konferansier.
Kva er kjekt med å vere med på UKM?
Ein møter mykje flott ungdom som er engasjerte i det dei gjer.
Kan du nemne eit innslag på UKM som gav inntrykk på deg?
Det som har gjort mest inntrykk på meg er ikkje eit innslag,
men atmosfæren under arrangementet og all innsatsen og tida ungdommane har investert i det.