Fotografen Even

Even tek bilete og stiller dei ut i kunstutstillinga på UKM. To år på rad har det gitt han ein liten luftetur til fylkesfestivalane.


Foto: 
Ådne Riis

 

Kva heiter du?

Eg heiter Even Finnøy.

Kor gammal er du?

Eg er 16 år gammal.

Stjerneteikn?

Jomfruen.

Har du eit kallenamn?

Nei, ikkje som eg vil offentleggjere ?

Kva skule går du på?

Eg går i 1. klasse på Volda vidaregåande skule.

Har du eit kjæledyr?

Ja, ein liten (nesten) 10 år gammal hund av rasen Tibetansk Spaniel.

Har du nokon hobby?

Utanom å ta bilde, likar eg godt å klatre – eller meir spesifikt likar eg å buldre. Buldring er i all hovudsak klatring utan tau på store steinar og lave klipper utandørs, eller veggar innandørs. Eg har buldra i ca. 3 år og har vore med på X2 festivalen 2 gongar.

Kva er på agendaen i dag?

Eg brukar som regel å jobbe med skulearbeid omtrent frå eg kjem heim frå skule til eg legg meg. Men sidan vi i dag har omtrent ingen lekser, skal eg faktisk berre slappe av ?

Kva gjer Even om 10 år?

Oi, 10 år fram i tid er lenge… men eg velgjer å tru at eg er kanskje godt i gang med ei utdanning innan naturfag. Det som appellerer mest akkurat no er fysikk, men kven veit?

Kva gjer Even om 20 år?

Om 20 år veit eg ikkje kva eg gjer på… forhåpentleg så driv eg på med noko eg likar og kanskje har fått i gong ein familie.

Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 17.mars, kva skal du delta med der?

Eg skal stille ut nokre fotografi som eg har teke.

Kor mange år har du vore med på UKM?

Dette blir mitt tredje år, og eg har delteke med bilde kvar gong.

Kva er kjekt med å vere med på UKM?

Det er nesten umogleg å seie éin konkret ting, men det å møte andre som driv på med det same som meg er noko av det kjekkaste. I tillegg er show-delen veldig underhaldande å sjå på. Eigentleg så er heile UKM-stemninga i seg sjølv veldig kjekk å kjenne på og det er deilig å vere i eit miljø der alle vil kvarandre vel og delar talenta sine med kvarandre.

Kan du nemne eit innslag på UKM som gav inntrykk på deg?

Eg kan nesten ikkje trekkje ut eit enkelt innslag som gav inntrykk på meg, fordi det aller meste som kjem på scena eller som er utstilt, er fantastisk på sin måte. Enten det gjeld dans, teikning, song, poesi, speling på diverse instrument, så er det stort sett alltid spennande, uansett kva.