Jónas
Jónas er allereie eit godt kjend namn i musikkverdenen på lokalt nivå, og meir kjend vil han bli!

Kva heiter du?
Jónas Årsheim Arnorsson
Kor gammel er du?
14 år (født 2004)
Stjerneteikn?
Vekten
Har du eit kallenamn?
Har eit par ja, men ikkje sånn konkret.
Kva skule går du på?
Ørsta ungdomsskule
Har du eit kjæledyr?
Ein katt, ja.
Har du nokon hobby?
Har litt av kvart. Data, spel, litt idrett her og der – og musikk da.
Kva er på agendaen i dag?
Personlig, eller generelt i det moderne samfunn?
Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 17.mars, kva skal du delta med der?
Ja, det får vi no sjå.
Kor mange år har du vore med på UKM?
Kun 2. Første gong var i 2015, andre gong var i 2018.
Kva er kjekt med å vere med på UKM?
Musikk, samspel og UKM artist/VIP-kort. 🙂
Kan du nemne eit innslag på UKM som gav inntrykk på deg?
UKM lærte meg betre Stagecraft. I 2015 var det første gong eg framførte slik med samspel på UKM, eg var under 13, så eg kunne ikkje delta på fylkesfestivalen. Men det lærte meg mykje om «stagecraft».