Kristiane – aka «Krissy»

Sangerinna og pianisten Kristiane gler seg til UKM! Gjer du?

Kva heiter du?
Kristiane Vartdal Vågen

Kor gammal er du?
15 år gammal

Stjerneteikn?
Vekten

Har du eit kallenamn?
Krissy

Kva skule går du på?
Volda Ungdomsskule

Har du eit kjæledyr?
Ja, ein katt som heiter Charlotte

Har du nokon hobby?
Musikk og turn

Kva er på agendaen i dag?
I dag eller UKM?
I dag: Herøy bad, kino
UKM: Syngje og spele piano til songen Stone Cold av Demi Lovato

Kva gjer Kristiane om 10 år?
Utdannar meg til lærar

Kva gjer Kristiane om 20 år?
Utdannar/jobbar som lærar

Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 17.mars, kva skal du delta med der?
Song og piano til songen Stone Cold av Demi Lovato

Kor mange år har du vore med på UKM?
Tre år, kom til fylkesfestivalen i fjor med songen «When we were young» av Adele

Kva er kjekt med å vere med på UKM?
Fellesskapet, øvingane og å stå på scena sjølvsagt

Kan du nemne eit innslag på UKM som gav inntrykk på deg?
Tora og Sigurd som spelte «Man in the mirror» på fylkesfestivalen i fjor.