Madelen

Madelen går fyrste året på vgs i Volda og deltek på UKM i Ørsta/Volda med eit band beståande av elevar frå musikklinja - Eiksound.


Foto:
André Hellebust


Kva heiter du?

Madelen Rimstad

Kor gammal er du?

16, blir 17

Stjerneteikn?

Vekten

Har du eit kallenamn?

Nei

Kva skule går du på?

Volda vgs – musikklinja

Har du eit kjæledyr?

nei

Har du nokon hobby?

musikk

Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 17.mars, kva skal du delta med der?

Eg skal synge ”If I ain’t got you” med et band som heiter Eiksound.

Kor mange år har du vore med på UKM?

Eg har vert med alle år eg kan og vore med på fylkesfestivalen sida 7. klasse.

Kva er kjekt med å vere med på UKM?

Det eg synst er kjekt med UKM er at eg får gjere noko eg elskar å gjere. Det finst ingen ting bedre en å stå på scena og synge. Fylkesmønstringa er utrulig gøy, du møtar nye folk som er opptatt av det samme som du, vi lære oss og inspirere og motivere kvarandre. På fylkesmønstringa får du også tilbud om workshops. Når du er med på UKM får du mulighet til å ikkje bare vise det du kan, men du får også sjå ka andre driv på med.