Tale og Anette
Tale og Anette syng i lag og det har dei gjort i fleire år. No skal vi få gleda av å høyre dei på UKM!

Tale og Anette. Uatskillelige?
Vel – vi fekk dei til å svare på nokre spørsmål, kvar for seg:
TALE:
Kva heiter du?
Tale Rørvik Lejon
Kor gammal er du?
16 år.
Stjerneteikn?
Fiskane.
Har du eit kallenamn?
Ikkje som blir brukt kvar dag, men blir kalla bassi heime
Kva skule går du på?
Volda ungdomsskule.
Har du eit kjæledyr?
Nei, ikkje no lenger.
Har du nokon hobby?
Spelar fotball og syng på musikkskulen.
Kva er på agendaen i dag?
Svenskehandling og familiebesøk i Oslo:))
Kva gjer Tale om 10 år?
Studerar medisin i Bergen.
Kva gjer Tale om 20 år?
Er kirurg og reiser rundt i verda på sommaren.
Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 17.mars, kva skal du delta med der?
Eg og sangpartneren min Anette skal synge ein duett.
Kor mange år har du vore med på UKM?
Dette blir det andre året. Deltok for nokre år sidan med Anette og to andre.
Kva er kjekt med å vere med på UKM?
Møte andre som har den same lidenskapen, stå på scena og utfordre seg sjølv.
Kan du nemne eit innslag på UKM som gav inntrykk på deg?
«People help the people» som var med den første gongen eg deltok.
ANETTE:
Kva heiter du?
Anette Moe Bjørkedal
Kor gammal er du?
16 år
Stjerneteikn?
Vannmannen
Kva skule går du på?
Volda ungdomsskule
Har du kjæledyr?
Ein katt og to kaniner
Har du nokon hobby?
Sang, dans og spele ukulele
Kva er på agendaen i dag?
Øve på gitar og ukulele
Kva gjer Anette om 10år? Eller 20 år?
Ikkje peiling.
Kva skal du delta på UKM med i år?
På UKM i år skal eg og venninna mi Tale framføre ein sang vi har jobba masse med i det siste.
Kva er kjekt med å vere med på UKM?
Det beste med UKM er å få sjansen til å stå på ei scene og framføre det du har jobba for.
Kor mange år har du vore med på UKM?
Eg har berre vore med ein gong før og sett på før, og da var eg ikkje så veldig gamal