Migraine

Eigentleg berre ein gjeng gutar som likar å spele musikk ilag

Her er 2/3 av bandet etter lydprøva, Håkon og Erlend.

Berre ein gjeng gutar som likar å spele musikk ilag

Migraine består av Håkon Følsvik, Birk Ljoså Sørheim og Erlend Trovåg Bjørneset. Håkon og Birk går på Volda Vidaregåande Skule der Håkon går i andreklassa på Media og Kommunikasjon og Birk går i førsteklassa på Musikk, Dans og Drama. Erlend som er året yngre går i 10.klasse på folkestad ungdomsskule.

Dei er eigentleg berre ein gjeng som likar å spele musikk ilag, med samme musikkinteresse. Gutane spelar for det meste «prog-funk-ish» musikk.

  • Vi kombinerar eigentleg litt sjangrar, for vi er inspirert av litt forskjellige ting også har vi implementert litt ulike delar frå ulike sjangrar i musikken vår.

Både Håkon og Erlend har kjæledyr.

  • Vi har nokre fiskar, men eg veit ikkje kva slags fiskar det er for eg er ikkje særleg interessert i dei lengre, seier Håkon. Også har eg ein kaktus som heiter Kjell Asgeir Johansen Senior.

    Birk Ljoså Sørheim på lydprøva.

Erlend derimot har ein katt som heiter Bob (kort for Robert) og ein hund som heiter Charlie, han er ein Shetland Sheepdog.

Den store hobbyen deira er sjølvsagt musikken.

  • Vi likar å spele musikk med kvarandre kvar onsdag og torsdag, og åleine, når vi er leide av kvarandre.

Musikksmakane deira er veldig varierte. Håkon seier han likar veldig godt mathrock og shoegaze. Men dei er ikkje så glad i musikk eigentleg.