STELLA
Stella gler seg til UKM! Og det gjer vi også! Her er intervjuet med vår første deltakar!

Kva heiter du? Stella Birthe Poland
Hvor gammal er du? 18 år
Stjerneteikn? Skytten
Har du eit kallenamn?
Ja, det er mange som kallar meg for Stijn (Stein)
Kva skule går du på?
Eg går på musikklinja på Firda vgs
Har du et kjæledyr? Eller søsken?
Eg har hatt ein kanin før, som var ekstremt snill, men hu døde dessverre. Elles så er eg einebarn.
Hva er på agendaen i vinterferien?
I Vinterferien skal eg fyrst ha ein musikalframvising med Firda vgs som 3MDD har. Nemleg Grease. Elles skal eg kanskje stå på snowboard og jobbe litt med musikk for meg sjølv.
Kva gjør Stella om 5 år?
Om fem år driver eg nok framleis på med musikkstudiar, men eg veit kanskje meir om korleis eg skal jobba med musikken. Mest sannsynleg har eg også fått meg ein del spelejobbar her og der forhåpentlegvis også noko fast.
Kva er hobbyene dine?
Hobbyane mine er fyrst og fremst musikk, men elles så er eg glad i politikk, 4H og teikning. Mest parten av tida mi går til musikk.
Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 29.februar, hva skal du delta med der?
Eg skal delta med mitt kjære instrument, og spele ein låt frå ein film.
Det blir spennande å sjå om folk gjenkjennar den.
Kor mye tid bruker du på harpe i veka, ca.?
Det syns eg er vanskeleg å seie. Eg veit at det blir ganske mykje. Eg brukar harpa på skulen nesten kvar dag, i tillegg til å ha eigne øvingar på kvelden som kan variere alt frå 2-4 timar om dagen.
Kva kommune er du påmeldt i?
Eg er frå Hornindal, så da er eg vel påmeldt i Volda
Kor mange år har du vore med på UKM?
Eg har vært med på UKM sidan 2014
KVIFOR?
Eg er med på UKM fordi det gir ein mykje. Ein får scenetrening, samtidig som det er ein trygg arena og teste ut nye ting på. Vil ein bli musikar så anbefaler eg å melde seg på UKM, scene erfaringa er viktig, og man gjer seg synleg.
Du var på landsfestivalen i 2017, kan du fortelle litt kort om hvordan det var?
I 2017 var eg på Landsfestivalen i Sandnes. Det var AMAZING! Sååå mange folk som har same interesser og du lærer ekstremt mykje. Det var ulike workshoppar som ein kunne melde seg på. Saman med dei andre sette ein enten opp eit mini-show eller lagde noko kunst. Eg hugsar veldig godt korleis mi gruppe sette opp eit neon-show i eit sirkus telt. Det var fantastisk. I tillegg så fekk eg ha ein duett med ein breakdancer. Eg spelte eit halvklassisk stykke som han da breaka til. Det var gøy og eg synast det var ekstremt kult! Eg har også fått mange venar som eg framleis har kontakt med den dag i dag.
