Even!
Even var i Stjørdal på Landfestivalen i fjor. Han elska det!

Kva heiter du?
Eg heiter Even Finnøy.
Kor gammal er du?
Eg er 17 år gammal.
Stjerneteikn?
Stjerneteiknet mitt er Jomfruen.
Har du eit kallenamn?
Nei, eg har heldigvis klart å unngå å få eit kallenamn, enn så lenge!
Kva skule går du på?
Eg går på Volda Vidaregåande skule.
Har du eit kjæledyr? Eller søsken?
Eg har både ein liten tibetansk spaniel, og ein storebror som kom til Landsfestivalen for nokre år sidan.
Kva er på agendaen i vinterferien?
I vinterferien er planen hovudsakleg å berre slappe av, og å vere mykje med vennar. Det blir vel nokre foto-safariar òg i løpet av ferien, vil eg tru!
Kva gjer Even om 5 år?
Hmmm, det er eit godt spørsmål. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere etter vidaregåande, men eg reknar med at eg skal ta eit par år der eg jobbar, og deretter søkje meg inn på høgare studiar, helst innanfor fysikk-området.
Kva er hobbyane dine?
Hobbyane mine består hovudsakleg av fotografi, men elles likar eg å klatre, eller meir spesifikt; buldre.
Du er påmeldt UKM i Ørsta/Volda 29.februar,
kva deltek du med der?
Eg skal stille ut 4 naturbilde.
Kor mykje tid brukar du på fotografi i veka, ca?
I gjennomsnitt fotograferer eg relativt lite i vekene. Dette kjem for det meste av at vi har så mykje å gjere på skulen, så fotografering kjem litt lengre ned på prioriteringslista. Men når eg har fri, og vêret spelar på lag, blir det fort nokre timar for dag!
Kva kommune er du påmeldt i?
Eg er påmeldt i Volda kommune.
Kor mange år har du vært med på UKM?
Dette er det fjerde året eg er med.
KORFOR?
Grunnen til at eg har vore med så mange år på rad er at det er utruleg kjekt å bli kjent med så mange nye og talentfulle folk, som ein elles aldri ville ha møtt. I tillegg får ein treffe personar som driv med det same som du held på med. UKM har også ei unik stemning over seg. Det å sitje i ein sal å sjå på ungdomar som er på din eigen alder, som gjer det bra på scena,
set deg i eit humør beståande av pur glede.
Du var på Landsfestivalen i fjor, kan du fortelle litt kort om korleis det var?
Landsfestivalen er potensielt noko av det kjekkaste eg har vert med på. Forventingane steig etter kvart som festivalen nærma seg. Eg snakka med andre som hadde vore der, noko som gav meg rimeleg høge forventingar til det som skulle skje. Og ein ting er sikkert; UKM Landsfestivalen skuffa på ingen måte – faktisk overgjekk den absolutt alle forventingar.
Det var så mange forskjellige kjekke og veldig dyktige folk som var samla på ein og same plass. Showa var òg utruleg bra, men det eg kanskje likte best var alle aktivitetane vi gjorde på.
Eitt eksempel på det var «Camp UKM», der fylka kjempa mot kvarandre i forskjellige konkurransar; til dømes støvelkast, Sheriff og fylkes-heiarop,
og så blei det beste fylket kåra og tildelt ein pokal.
Dette gjorde at vi vart godt kjende med deltakarane frå vårt eige fylke, og også mange frå resten av landet. Ein ting er i alle fall sikkert; er ein med på UKM, får ein faktisk vennar for livet.
