UNG ARRANGØR!
UKM Volda søkjer deg som vil vere med å arrangere UKM i Volda! DU er mellom 13 og 20 år og vil vere ein del av Ung Arrangør- og UKM Media-crewet vårt! Som Ung arrangør(UA)/UKM MEDIA kan du få vere med

UKM Volda søkjer deg som vil vere med å arrangere UKM i Volda!

DU er mellom 13 og 20 år og vil vere ein del av Ung Arrangør- og UKM Media-crewet vårt!
Som Ung arrangør(UA)/UKM MEDIA kan du få vere med på alt mogleg –
alt frå planlegging og organisering til sjølve gjennomføringa!
Frå mediaproduksjon (reklamemateriell, film/foto, skrive saker og intervju med andre deltakarar)
til serveringspersonell, frå teknisk crew (lys/lyd) til artistvertar!
Frå «know-it-all»-leiarar og inn-registrering av deltakarar – til kunstutstillingsopphengarar?
Alle treng ikkje gjere alt, og ein treng heller ikkje gjere berre ein ting.
Vi vil ha deg med på laget!
DU FÅR –
* mat og/eller drikke på planleggingsmøta!
* sosialt samvær og fellesskap med andre ungdom som også vil at det skal SKJE NOKO i bygda vår
* førstehandsinformasjon om planlagte arrangement og kunne påverke kva som skal skje på dei
* få relevant erfaring
* eller berre vere med på noko kjekt i lag med andre ungdom
* moglegheit til å få ein nominasjon til å delta på fylkesfestivalen til UKM som enten Ung Arrangør- eller UKM Media-deltakar
Meld deg på slik:
1. Gå til https://ukm.no
2. Trykk på DER DU BOR
3. Velg så MØRE OG ROMSDAL
4. Velg VOLDA (Tidligere Hornindal, Volda)
5. Meld deg så på Unge Arrangører med det du ønsker å bidra med
Send ei melding til UKMVolda på snapchat, instagram eller facebook og spør om meir info om du lurer på noko!