Velkomen som leiar på UKM Vestland fylkesfestival Her er finn ein info til både deltakar og reiseleiar Vi i Bergen Live gler oss til å arrangere UKM-festivalen. Vi håpar dette heftet gir svar på dei spørsmåla du har som deltaker og reiseleiar.  På nettsida www.ukm.no/vestland finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om festivalen.   Produsent Bergen Live ... Les mer
Nettpåmeldingen er stengt. Hvis du vil melde deg på, eller endre din påmelding, kan du snakke med kontaktpersonene.
Spørsmål?

 

Velkomen som leiar på UKM Vestland fylkesfestival

Her er finn ein info til både deltakar og reiseleiar

Vi i Bergen Live gler oss til å arrangere UKM-festivalen. Vi håpar dette heftet gir svar på dei spørsmåla du har som deltaker og reiseleiar.  På nettsida www.ukm.no/vestland finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om festivalen.

 

Produsent Bergen Live og arrangør Vestland fylkeskommune forheld seg til deltakarane kommunevis. Det er kommunane sine reiseleiarar sitt ansvar at deltakarane møter presis til tekniske prøvar, sceneframsyningar, Workshops og andre arrangement på festivalprogrammet.

Det er også reiseleiarane sitt ansvar å orientere deltakarane om ordensreglane for festivalen, og syte at det er ro i eigen sovesal frå kl. 00:00.

 

Ordensreglane for festivalen er:

·        Respekt og toleranse er viktig under festivalen. Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremåtar slik at alle kan kjenne seg trygge.

·        Det skal vere ro i sovesalane frå kl. 00:00.

·        Alle UKM-deltakarar må møte presis til prøvar, framsyningar og arrangement.

·       All bruk av rusmidlar er forbode, og brot fører til heimsending for eiga rekning.

Ved ei eventuell evakuering er det reiseleiarane som er ansvarlege for å vite kvar kommunen sine deltakarar er, og ha oppteljing av desse på samlingsstaden ein blir tilvist av brannvakter.

 

Leiarmøte

Det blir arrangert leiarmøte fredag 22. april kl. 19.00 til 20.00 på Voss Kulturhus. Det er viktig at alle reiseleiarar møter der då det vil bli gitt viktig informasjon og vere høve til å stille spørsmål til arrangør.

 

Innsjekking/registrering

Innsjekking skjer i sekretariatet i Voss Kulturhus. Kommunane melder seg der når ein kjem til Voss Kulturhus. Der får ein også deltakarbevis med meir når ein kjem. Etter registrering innkvarterast deltakarar på Gullfjordungen Skule. Hugs å ta med liggeunderlag, sovepose og handduk.

Måltider

Frukost vil bli servert på Voss Folkehøgskole

Alle andre måltid blir servert i Kulturhuset på Voss

 

Tidene for måltida finn de her:

Fredag:

Middag fredag 19:00 (Voss kulturhus)

 

Lørdag:

Frukost lørdag fra 07:30 – 08:30 * (Voss Folkehøgskole)

Lunsj lørdag fra 12:00 – 14:00 (Voss Kulturhus)

Middag lørdag 19:00 (Voss Kulturhus)

*NB kveldsmat lørdag må smørast under frukosten

 

Søndag:

Frukost søndag fra 07:30 – 09:00 (Voss Folkehøgskole)

Lunsj søndag fra kl. 12:00 -14:00 (Voss Kulturhus)

 

Spelereglane på nattetid

I sovesalane på Gullfjordungen Skule skal det vere ro frå kl. 00:00 til kl. 07:00.

 Vi har vakter ved inngangsdørene som syter for at ingen får forlate skulen i det tidsrommet det skal vere stille.

 

Oversikt tekniske prøvar mm.

Oversikt over når deltakarane frå din kommune skal ha tekniske prøvar er sendt på mail til kommunekontaktene 

 

OBS! Kvar deltakar har si oppmøtetid.

 

Workshops

Deltakarane melder seg på workshops i framkant av festivalen. Informasjon om kva workshops som skal vere finn de her: Påmelding og info til workshops

 

Forholdet mellom tekniske prøvar og workshops

Laurdag og søndag vil det vere tekniske prøvar og workshops parallelt. Deltakarane må då prioritere å møte på teknisk prøve og så vende tilbake til workshopen når prøven er ferdig.

 

Unge arrangørar, konferansierar og UKM Media

Arrangørar, konferansierar og UKM Media har eigne opplegg under festivalen. Informasjon om desse får de i dialog med arrangør og produsent.

 

Program for festivalen

Billettar til forestillingene finn ein her: https://vosskulturhus.no/ukm-yi23mqw/

Deltakarprogrammet finn du her:https://ukm.no/2022-vestland-ukmvestland2022sor/program/

 

Fredag:

Forestilling fra 20:30

Jonathan Revheim (Osterøy)

Helene Aurdal Riber (Eidfjord)

Mira (Samnanger)

Labbakadla (Voss)

Maddie Vethe Harbun (Voss)

Elisabeth Merkesdal (Alver)

Ingeborg (Eidfjord)

B.F.V. (Bosses from Voss) (Voss)

Andre sceneinnslag:

A Normal Day in USA

Jurrasic Parked

 

 

 Lørdag:

Forestilling fra 17:00

Marte (Etne)

Vegard Kvestad (Alver)

Daniela Rætta (Bergen)

Elisa (Bergen)

Hannah og Eirik (Bømlo)

Snøfnugg (Bømlo)

Isak Johannes Thorsheim Kvinge (Masfjorden)

Ingrid Hustvedt (Etne)

Mathias Sandanger (Etne)

Sprengraud (Voss)

 Andre sceneinnslag:

Kortfyren Sindre (Bømlo)

Fatima Design (Bergen)

&Less (Bergen)

Artifical Mania (Fedje)

Presentasjon av kunst

 

Søndag:

Forestilling fra 13:00

Leonie Thiele (Alver)

Matheo (Bergen)

Noa Sjursen-Daae (Alver)

Johanne Einestrand (Masfjorden)

Kristoffer Hitland (Samnanger)

Obim Ogazi (Bergen)

Aw0 (Stord)

Wounded knees (Alver)

Pocket money (Stord)

Stefania Grigorieva (Stord)

 

 

Sosiale aktivitetar

Oversikt over sosiale aktivitetar finn de her: #ukmvestland2022sør – UKM

 

Har du spørsmål, kontakt

Sandro Stanojevic, tlf. 473 66 866 e-post: sandro@bergenlive.no