Informasjon til deltakar på UKM Stad 2023
Her finn du all informasjon du som deltakar eller foreldre/føresette treng å vite om UKM søndag 5.

Her finn du all informasjon du som deltakar eller foreldre/føresette treng å vite om UKM søndag 5. mars i Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid.
Rekkefølge på lydsjekk og program finn du her: LYDSJEKK og PROGRAM og på www.ukm.no/stad om du trykker på program.
Det kan bli små endringar, men då blir dei oppdatert her og gjeldane versjonar blir også å finne på UKM- romma på arrangementsdagen. Sjekk nøye om rekkefølga funka for det du skal gjere. (Nokon er med på fleire ting. Vi har prøvd å ta hensyn til alt, men det er dykk som veit best:)
Dei som har meldt seg på kunst må sjekke om namn og tittlar er rett. Sjå her: KUNSTUTSTILLING
Dei som er kontaktperson for ei gruppe, må sørge for at alle i gruppa får infoen.
! Etter at du har lest informasjonen må du signere samtykkeskjema som du finn nedst på sida.
DAGSPLAN
Det er viktig at alle passar tida og er på plass på rett stad til rett tid!
Er det noko spesielle behov ein må ta hensyn til gir ein beskjed om dette i samtykkeskjema.
12.30 Oppmøte ved UKM- registreringa ved kinokiosken. Her vil du møte UKM-Maria og UKM-konferansier Rebecca og få info om dagen, og vi viser dykk kvar dei ulike tinga foregår.
! Dei som skal vere med på utstillinga skal hjelpe til å henge opp sin kunst.
! Dei som skal ha lydsjekk blir vist kvar dei skal vere.
Ta kontakt med Rebecca om du har info du vil ho skal seie når ho presenterar innslaget/kunsten din.
Alle deltakarar med ev. følgje/familie kan opphalde seg på rom som er merka med UKM. Vi har eit opphaldsrom med spel, teiknesaker, mat og drikke, eit rom der du kan øve eller varme opp, garderobe til å skifte i, og open kiosk du kan handle i.
13:00 Lydsjekk – rekkefølge finn du her, samt at den heng på greenroom og opphaldsrom.
14:30 – 15:45 Pizza og drikke på opphaldsrommet. NB! Hugs å melde frå om allergiar i samtykkeskjemaet!
16:00 Offisiell opning av UKM ved kunstutstillinga i foajeen.
ALLE deltakarar skal vere med på dette som publikum so lenge ikkje anna er avtalt. Ta gjerne med familie og vener også til dette!
Vil nokon av kunstdeltakarane stå attmed kunsten sin etter opninga er det veldig fint, ofte vil journalistar og andre snakke med kunstnarane bak dei flotte verka. Men dette er frivillig og ikkje eit deltakarkrav! 🙂
16:45 Alle deltakarar som skal på scena skal vere på plass på greenroom.
Dei som deltek på kunstutstillinga tek plass blant publikum i operasalen, og kan sitte på merka rader inne i operasalen.
17:00 – ca 18:20 Sceneframsyning. Vi heiar på kvarandre og er god støtte og publikum! Program/rekkefølge finn du her.
18:30 Alle deltakarane må hente seg diplom backstage. Vi takkar for i år og ynskjer lukke til!
! Alle deltakarar på kunstutstillinga tek med seg all kunsten sin heim! Vi riggar ned utstillinga i fellesskap, alle hjelper til heilt til alt er rydda opp.
! Pass på å få med deg alle eigendelar heim!
! Om ein ikkje vil /kjem til å bruke UKM- nøkkelbandet ein får utelt ved ankomst, kan du levere dette tilbake før du går.
! UKM- Maria og andre vaksne med UKM- nøkkelband vil vere tilgjengeleg heile dagen om du har spørsmål eller treng nokon å prate med. 🙂
Er det noko uklart eller om ein har spørsmål kan ein kontakte UKM Maria på tlf 958 69 223
Fagpanel og fylkesfestival
Alle som er over 13 år (det året ein fyller 13) kan bli spurt om dei vil representere Stad kommune på fylkesmønstringa. Er ein i ei gruppe med gjennomsnitt på 13 år er det også innafor aldersgrensa på fylkesfestivalen.
Vi har eit fagpanel på fem personar som skal sjå på utstillinga og sceneframsyningane. Dei har ein svært vanskeleg oppgåve om å velje ut nokon få som skal få gå vidare. Dei skal velje ut i forhold til ei kvote (tal deltakarar) som er gitt av fylkeskommunen og skal legge vekt på variasjon og breidde i dei innslaga som bli spurt om å delta på UKM Vestland.
Er du deltakar over 13 år på UKM Stad og ikkje ynskjer å bli valt ut, er det fint om du informerer UKM- kontakta om dette.
UKM Vestland (fylkesfestival) føregår i Sogndal 28. – 30.april.
Meir informasjon om UKM Vestland finn du her!
På fylkesfestivalen skal det vere med éin ansvarleg vaksen per 10 deltakarar. Ofte er UKM- kontakta i kommunen med, men vi treng også foreldre til dette. Er det ditt barn som skal delta, er det kjekt om de har lyst å vere med!
Når denne informasjonen er lest skal ein lese og signere samtykkeskjema som du finn her: Samtykkeskjema
Er du ungdom under 20 år og treng skyss til og frå UKM Stad? Meld deg på rimeleg skyss HER!