Informasjonsbrev til reiseleiarar /// UKM Vestland Nord Sogndal 28. – 30. april 2023
Dette brevet vart sendt ut til kommunekontaktene og vidare til reiseleiarar 28. mars 2023.

Dette brevet vart sendt ut til kommunekontaktene og vidare til reiseleiarar 28. mars 2023.
Velkomen som leiar på UKM
Vi gler oss til å arrangere UKM-festivalen! Vi håpar dette skrivet gir svar på dei spørsmåla du har som reiseleiar. På nettsida https://ukm.no/2023-vestland-fylkesfestivalnord/ finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om festivalen.
Ditt ansvar som reiseleiar på festivalen
Produsent Hending og arrangør Vestland fylkeskommune forheld seg til deltakarane kommunevis. Det er kommunane sine reiseleiarar sitt ansvar at deltakarane møter presis til tekniske prøver, sceneframsyningar, workshops og andre arrangement på festivalprogrammet. Reiseleiarane har ansvar for at deltakarane får i seg nok mat og drikke og får nok søvn. Det er også reiseleiarane sitt ansvar å orientere deltakarane om ordensreglane for festivalen, og syte at det er ro i eigen sovesal frå kl. 23:00.
Ordensreglane for festivalen er:
– Respekt og toleranse er viktig under festivalen. Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremåtar slik at alle kan kjenne seg trygge.
– Det skal vere ro i sovesalane frå kl. 23:00.
– Alle UKM-deltakarar må møte presis til prøvar, framsyningar og arrangement.
– All bruk av rusmidlar er forbode, og brot fører til heimsending for eiga rekning.
Ved ei eventuell evakuering er det reiseleiarane som er ansvarlege for å vite kvar kommunen sine deltakarar er, og ha oppteljing av desse på samlingsstaden ein blir tilvist av brannvakter. Alle leiarar skal vere tilgjengelege på mobil på dagtid.
Leiarmøte
Det blir arrangert leiarmøte på Sogndal kulturhus fredag 28. april kl. 18.00 til 19.00. Det er viktig at alle reiseleiarar møter der då det vil bli gitt viktig informasjon og blir høve til å stille spørsmål til arrangør.
Innsjekking/registrering
Innsjekking fredag skjer på Sogndal VGS. Kommunane melder seg der når ein kjem til lokalet. Der får ein deltakarbevis, tildelt sovesal (klasserom) med meir når ein kjem. Etter innsjekking på skulen flyttar vi oss til Sogndal kulturhus.
Spelereglane på nattetid
I sovesalane (klasseromma) på Sogndal VGS skal det vere ro frå kl. 23:00 til kl. 07:00.
Dei som ønskjer å vere opp etter kl. 00:00 skal opphalde seg i atriumet/kantina på skulen. Vi har vakter ved inngangsdørene som syter for at ingen får forlate skulen i det tidsrommet det skal vere stille.
Kvar natt skal éin av leiarane vere registrert som ansvarleg, og vere tilgjengeleg på mobil dersom festivalleiinga ser behov for å ta kontakt.
Måltid
Lunsj, middag og kveldsmat blir servert i Blaoboxen i Sogndal kulturhus. Frukost blir servert på
Sogndal VGS.
Framsyningar
Det blir 3 framsyningar med innslag frå deltakarane på festivalen.
Fredag kl. 20.30
Laurdag kl. 18.30
Søndag kl. 13.30
Vernissage – kunstopning
Det blir vernissage når kunstutstillinga opnar laurdag kl. 17.30.
Oversikt tekniske prøvar, program mm.
Oversikt over tekniske prøver og program blir sendt ut på eigen e-post.
OBS! Kvar deltakar har si oppmøtetid.
Liste med tider og rekkefølge for tekniske prøver og førestillingar henger også i sekretariatet og
backstage under festivalen.
Workshops
I tillegg til tekniske prøver, øvingar med husband/pianist og tilrettelegging av kunstutstilling, blir det aktivitetar og workshops gjennom heile helga.
På festivalen blir det følgjande workshops:
1) Introduksjon til musikkbransjen med Brak
2) Nysirkus med Martin Riedel
3) Grafitti med Mr. Adolfito
4) Formidling med Silja Sol og Håvard Ese Eliassen
5) Låtskriving med Jostein Fretland
6) Dans med Dans uten grenser Sogndal
7) Syom med Eva Sessford
8) SoMe med by.anniken
9) Arrangering av byttemarknad for klede
10) E-sport med GG Sogndal
Meir informasjon og påmeldingsskjema vert sendt ut til kommunekontaktane.
Forholdet mellom tekniske prøver og workshops
Laurdag og søndag vil det vere tekniske prøvar og workshops parallelt. Deltakarane må då prioritere å møte på teknisk prøve og så vende tilbake til workshopen når prøven er ferdig.
Unge arrangørar, konferansierar og UKM Media
Arrangørar, konferansierar og UKM Media har eigne opplegg under festivalen. Informasjon om desse får de i dialog med arrangør og produsent.
Har du spørsmål, kontakt
Produsent, Svein Inge Bjørkedal, e-post: svein@hend.no, telefon: 918 02 828
Produsent, Elise Hessevik, e-post: elise.hessevik@gmail.com, telefon: 938 55 409
Arrangør, Per Idar Almås, e-post: per.idar.almas@vlfk.no, telefon: 915 45 603
Med atterhald om endringar!