Informasjonsbrev til deltakarar /// UKM Vestland Nord Sogndal kulturhus 28. – 30. april 2023
Dette brevet vart sendt ut til kommunekontaktene og vidare til deltakarane 28.

Dette brevet vart sendt ut til kommunekontaktene og vidare til deltakarane 28. mars 2023
Hei!
Det nærmar seg fylkesfestival for UKM Vestland i Sogndal – og vi er i full gang med planlegging av festivalen. I denne posten kjem det ein del praktisk informasjon om overnatting, mat, aktivitetar og workshops. Programmet for framsyningar og kunstutstilling kjem så snart det er på plass.
Arena
Festivalen har base i Sogndal kulturhus som ligg midt i Sogndal sentrum med adresse: Hovevegen 2, 6856 Sogndal. Dei sceniske framsyningane vert i storsalen, kunstutstillinga vert i galleriet og dei aller fleste aktivitetar og workshops føregår inne på kulturhuset. Dersom aktivitetar føregår andre stadar vil du få beskjed ved påmelding. Du kan også spørre i sekretariatet om kor du skal møte opp.
Overnatting
Alle deltakarar overnattar på Sogndal Vidaregåande Skule. Sogndal VGS ligg 15 minutters gange frå hovedarenaen Sogndal kulturhus. Adressa til skulen er Lunnamyri 2, 6856 Sogndal. Kommunane får tildelt klasserom slik at du overnattar med dei andre deltakarane frå di kommune og reiseleiaren din. Hugs å ta med liggeunderlag og sovepose. Det er god tilgong på garderobe og dusj i idrettshallen i tilknyting til skulen. På skulen er det klare reglar for stille og lys av. På klasserom skal det vere ro mellom 23.00 – 07.00. Lading av mobiltelefonar, PC-ar, nettbrett o.l. er forbode mellom 23:00 – 07:00. Om behov kan du lade ved sekretariatet (hovudinngang). Det blir nattevakter på skulen som sørger for at ingen utanfrå kan komme inn. Ha derfor alltid på deg festivalbandet som blir utdelt ved registrering ved ankomst. Alle deltakarar skal vere inne på skulen mellom 00.00 og 07.00.
Alkohol og andre rusmiddel Det er nulltoleranse for bruk av alkohol og andre rusmiddel på arrangementet. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel fører til heimsending på eiga rekning.
Mat
Frukost vert servert på Sogndal VGS. Lunsj, middag og kvelds blir servert i Blaoboxen i Sogndal kulturhus
Sosiale media
Følg med på instagram: ukm_vestland, snapchat: ukmvestland eller Facebook event: UKM Vestland fylkesfestival 2023 Sogndal kulturhus Discord-server:
Husband og pianist
Vi har eit husband med profesjonelle musikarar som kan spele med alle som treng det. Dette melder kontaktperson i kommunen inn via arrangørsystemet. Vi ønskjer at alle som har playback sender anten lenke til sin versjon av låten, lydfil, eller notar slik at bandet kan øve det inn. Dei som spelar klassisk musikk får tilbod om akkompagnement av ein klassisk pianist og må sende inn notar til oss. Det blir sett av tid til øving med husband/pianist slik at de er klare til konsert.
Lydfiler
Dei som skal ha lydfiler på sitt innslag (m.a. dans) må sende oss lydfiler av god lydkvalitet slik at teknisk personell har dette klart til show og prøver.
Workshops
I tillegg til tekniske prøver, øvingar med husband/pianist og tilrettelegging av kunstutstilling, blir det aktivitetar og workshops gjennom heile helga. På festivalen blir det følgjande workshops:
1) Introduksjon til musikkbransjen med Brak 2) Nysirkus med Martin Riedel 3) Grafitti med Mr. Adolfito 4) Formidling med Silja Sol og Håvard Ese Eliassen 5) Låtskriving med Jostein Fretland 6) Dans med Dans uten grenser Sogndal 7) Syom med Eva Sessford 8) SoMe med by.anniken 9) Arrangering av byttemarknad for klede 10) E-sport med GG Sogndal
Vi sender ut oversikt, meir informasjon og påmeldingsskjema ganske snart. Her er det først til mølla prinsippet som gjeld.
Aktivitetar
Vernissage Det blir vernissage når kunstutstillinga opnar laurdag kl. 17.30. Kom til galleriet og sjå all kunsten som er laga av deltakarane!
Framsyningar Det blir 3 framsyningar med innslag frå deltakarane på festivalen. Fredag kl. 20.30, laurdag kl. 18.30 og søndag kl. 13.30
Jamsession Etter framsyningane fredag og laurdag blir det rigga til jamsession i Blaoboxen.
Lunsjkonsert Det blir pop-up lunsjkonsert enten ute (i fint ver) eller i Blaoboxen på laurdag kl. 12.30. Dersom du har lyst å bidra kan du ta kontakt i sekretariatet på fredag. NB! det er begrensa med teknisk utstyr så tenk akustiske innslag.
Bli med på byttemarknad! Ta med maks 3 plagg som du ikkje brukar lengre. Dei byttast inn i sekretariatet frå kl. 11.00 på laurdag mot kupongar. Når Byttemarknaden opnar kl. 15.00 – 17.00, kan du bytte kupongar mot klede som andre har tatt med. Slik kan kledene leve lenger! Smart, ikkje sant? NB! kledene må vere reine og heile.
Lag hoppetau av gammalt sengetøy Ung Husflid besøker oss på laurdag og lærer oss å lage hoppetau av gammalt sengetøy! Kom innom i foajeen på laurdag mellom 14.00 og 17.00.
Andre aktivitetar I sekretariatet finst det ei kasse med diverse spel og leikar som du kan låne. Har du lyst å finne på noko – sette i gang ein leik eller noko anna? Ta kontakt med UA (unge arrangørar) som du finn i sekretariatet.
Helsing oss i Hending, Svein Inge Bjørkedal og Elise Hessevik
Vi gler oss til fylkesfestivalen UKM Vestland!