Workshop!
Vi har no opna for påmelding til workshops under fylkesfestivalen i Sogndal! Les meir om kursa og meld deg på her.
Du melder deg på til workshops under fylkesfestivalen i Sogndal her:
https://app.checkin.no/event/56476/ukm-vestland-fylkesfestival-i-sogndal—workshops!
Workshops
NB! Workshopen på museet er avlyst.
Laurdag
Låtskriving med Jostein Fretland
10.15 – 13.15
Stad: Klasserom på kulturhuset
Saman med Jostein skal me utforske forholdet mellom kva det er me vil seia og forma me vel for å uttrykkje det, både i tekst og musikk. Alle skal skrive iallfall éin personleg songtekst, og så prøver me saman å leite fram det musikalske uttrykket frå der.
Jostein har master i komposisjon frå Goldsmiths, University of London, og bur og arbeider for tida i Lærdal. Han har brei erfaring med komposisjon og tekst og har jobba spesielt mykje med elektronika, opera og teater.
Ta gjerne med instrument.
Syom med Eva Sessford
10.15 – 13.15
Stad: Klasserom på kulturhuset
På denne workshopen får du lære å sy scrunchies, handlenett eller forkle av brukte tekstilar.
Evangeline (Eva) Sessford er eigar og drivar av Upscale på Sandane. Upscale er ikkje berre ein klesbutikk, men óg ein møteplass, ein tekstilverkstad og ein produsent av redesignklede!
I butikken kan ein også lære å sy sine eigne klede og tilbehør.
Introduksjon til musikkbransjen med Brak
11.00 – 12.00
Stad: Sal 2 på kulturhuset
På kurset Introduksjon til musikkbransjen lærer Silja Sol deg alt om dei viktigaste rollene i musikkbransjen, korleis ein får råd til å spele inn musikk og kva som må på plass for å nå flest mogleg fans!
Silja har gitt ut fem album og spelt på alle dei store festivalane i Norge som Øyafestivalen og Bergenfest. Ved sida av musikkarriera jobbar ho på musikkontoret Brak som hjelper deg å finne vegen til å bli artist.
Dans med Dans Utan Grenser
11.00 – 13.00
Stad: Solhov
I denne danseworkshopen skal de få lære ein dans i sjangeren Showdance mix. I showdans mix brukar vi mykje armar og store bevegelser. Det er ein dans der du kan vere kreativ og derfor passar sjangeren til alle!
Workshopen blir holdt av Nora Meisterplass og Linnea Skartun. Begge er 16 år og har vore instruktørar i Dans Utan Grenser Sogndal sidan 2020.
Nysirkus med Martin Riedel
11.00 – 13.00 og 14.00 – 16.00
Stad: Meieriet
Lær sirkustriks med Martin Riedel! Har du alltid hatt lyst å lære deg å sjonglere, få kontroll på balansen eller sykle på einhjulsykkel? No har du sjansen!
Martin er utdanna sirkusartist og sirkuslærer. Han er spesialisert på «Chinese pole», men meistrar også sirkusdisiplinar som luft-akrobatikk, einhjulssykkel, akrobatikk og «hand-to-hand».
Han har vore med i ei mengde ulike sirkus frå 2013 mellom anna det verdskjente Cirque du Soleil. No underviser han i nysirkus på Fjordane folkehøgskule.
Arrangering av byttemarknad for klede
11.00 – 18.00
Stad: Foajeen på kulturhuset
Er du interessert i klede? Eller klima? Eller begge deler? Bli med å organisere UKM byttemarked laurdag 29. april!
Vi skal ta imot klede og gi kupongar tilbake, organisere kledene og hjelpe folk å bytte til seg nye skattar! Denne aktiviteten varer lenge, men vi rullerer på å ta imot klede frå 11.00 – 15.00. Alle må vere med frå 14.00 då vi riggar butikken og blir klare for opning kl. 15.00. Då er det full rulle til vi stenger butikken kl. 17.00 og riggar ned saman.
NB! Kun 6 plassar på denne aktiviteten
Grafitti med Mr. Adolfito
14.00 – 17.00
Stad: ute
Lær å male med sprayflasker med Mr. Adolfito! Adolfo Martinez er ein meksikansk gatekunstnar som no bur i Bergen.
Saman med Adolfo skal gruppa male ein vegg ein plass i Sogndal og lage eit kunstverk saman. Heilt lovleg altså!
Ta på klede og sko som du ikkje er redd for å få malingsflekkar på.
Formidling med Silja Sol og Håvard Ese Eliassen
14.00 – 16.30
Plassar: 4 innslag på 30 min
Stad: Blaoboxen på kulturhuset
Kven er du når du går på scena? Og korleis formidlar du kven du er og budskapet ditt til publikum?
I denne workshopen hjelper Silja og Håvard deg med korleis du kan jobbe med scenetekket ditt. Det kan vere alt frå korleis du går av og på scena, korleis du jobbar med mikrofon og bandmedlem eller korleis du kommuniserer med publikum.
På denne workshoppen er det kun plass til 4 innslag. Du får 30 min tildelt tid saman med Silja og Håvard, men kan bli og sjå på dei andre som deltar på workshopen. Ta med eit innslag som du vil ha hjelp med.
Du kan melde deg på som gruppe eller åleine. Vi setter opp enkel PA. Hugs å melde frå kor mange de blir og kva de treng av utstyr.
Gaming på GG Sogndal
Tid: 10.15 -13.15 og 14:00 – 17:00
Stad: GG Sogndal, Fosshaugane
Bli med å game i GG Sogndal sine lokaler på Fosshaugane. Det er 20 datamaskiner og eigen lounge med PS5 og Nintendo Switch på GG Sogndal.
Søndag
Introduksjon til musikkbransjen med Brak
10.00 – 11.00
Stad: Sal 2 på kulturhuset
På kurset Introduksjon til musikkbransjen lærer Silja Sol deg alt om dei viktigaste rollene i musikkbransjen, korleis ein får råd til å spele inn musikk og kva som må på plass for å nå flest mogleg fans!
Silja har gitt ut fem album og spelt på alle dei store festivalane i Norge som Øyafestivalen og Bergenfest. Ved sida av musikkarriera jobbar ho på musikkontoret Brak som hjelper deg å finne vegen til å bli artist.
Dans med Dans Utan Grenser
10.00 – 12.00
Stad: Solhov
I denne danseworkshopen skal de få lære ein dans i sjangeren Showdance mix. I showdans mix brukar vi mykje armar og store bevegelser. Det er ein dans der du kan vere kreativ og derfor passar sjangeren til alle!
Workshopen blir holdt av Nora Meisterplass og Linnea Skartun. Begge er 16 år og har vore instruktørar i Dans Utan Grenser Sogndal sidan 2020.
SoMe med by.anniken
10.00 – 12.00
Stad: klasserom på kulturhuset
På denne workshopen vil du lære «the ground rules» til Instagram og TikTok! Korleis skapar ein eit godt innhald? Korleis når du ut til flest mogleg med det du formidlar og korleis lagar du ein god «reel»? Etter dette kurset vil du ha ei god forståing av sosiale medier og kva du kan gjere for å vokse på dine plattformer!
Kurshaldar Anniken Gjørøy er fotograf og innhaldsskapar frå Askvoll som elskar å vere kreativ, nysgjerrig og utforskande!
Kreativ skriving med Janne Karin
10.00 – 12.00
Stad: klasserom på kulturhuset
Kva vil du helst skrive? Noko realistisk eller fantasifullt, ekte eller oppdikta? I denne workshopen får du tips og triks som vil sette deg på sporet av di eiga stemme og di eiga historie.
Kurshaldar Janne Karin Støylen er litteraturkritiker i Bergens Tidende og har mange års erfaring i kreativ skriving og litteraturformidling.
Påmelding:
https://app.checkin.no/event/56476/ukm-vestland-fylkesfestival-i-sogndal—workshops!