Pakkeliste

Gå gjennom pakkelista så du har alt du treng med deg! Hugs å melde fra til din reiseleiar om du har allergiar eller om du treng...

Gå gjennom pakkelista så du har alt du treng med deg!

Hugs å melde fra til din reiseleiar om du har allergiar eller om du treng tilrettelegging. Sørg også for å ha gyldig reiseforsikring før du reiser på festival!

ALLE DELTAKAR

  • Handklede
  • Toalettsaker
  • Drikkeflaske
  • Liggeunderlag
  • Sovepose
  • Ladar
  • Gode sko
  • Sjå på vêrmeldinga før du drar
  • Klede og undertøy for helga
  • Innesko eller tøfler
  • Treningsklede (valfritt, men du trenger det på nokon av workshopane)
  • Klede du ikkje er redd for som kan få maling på seg (grafitti-workshop)
  • Medisin du brukar, eller om du har allergiar
  • Klede til byttemarknad (maks tre – heile og reine plagg)
  • Klede til reparasjonsstasjon dersom du har øydelagde klede

DELTAKARAR SOM SKAL PÅ SCENA

  • Instrument / anna utstyr til framsyninga
  • Rekvisittar / kostyme
  • Playback eller andre filer som er nødvendig for innslaget ditt

KUNSTDELTAKARAR

  • Det du trenger til vernissage (valfritt)

KONFERANSIERAR

  • Klede til å stå på scena med

MEDIA

  • Svarte eller mørke klede (utan mønster)
  • Ta med det du har av utstyr, som f.eks. pc, kamera og diverse fotoutstyr. Dette får du oppbevart trygt på festivalen

UNGE ARRANGØRAR

  • Gode sko!
  • Scenearbeidarar må ha svarte klede
  • Utstyr til aktivitetar du skal arrangere

TEKNIKARAR

  • Vernesko om du har
  • Svarte klede