UKM Byttemarknad
Forny garderoben din på ein miljøsmart måte! Ta med maks 3 plagg (heile og reine).
Forny garderoben din på ein miljøsmart måte!
Ta med maks 3 plagg (heile og reine). For kvart plagg du leverer inn får du ein byttelapp og kan velge deg ut eit nytt plagg.
INNLEVERING: Kl. 11.00 – 15.00 i sekretariatet
MARKNEDEN ER OPEN: 15.00 – 17.00
Fint tilbehør som vesker og sko i god stand kan også bytast. Vi tek ikkje imot undertøy og sokkar.
PS! Om du byttar eit plagg i staden for å kjøpe nytt sparar du planeten for 5050 liter vatn, 2,6 kg kjemikalier og 24 kg co2e-utslepp.
Reperasjonsstasjon
Har du fått hol i yndlingsgenseren din? Ikkje fortvil! Ta med klede som treng omsorg til UKM reparasjonsstasjon! Eva Sessford og Ung Husflid hjelper deg å fikse plagget ditt enten gjennom symaskin, brodering eller strykemerker. Ta med plagg og få hjelp laurdag 29. april mellom 14.00 – 17.00.