Konferansierar! SJÅ HER
Her er nokre gode råd til konferansierane våre! 10 råd til konferansieren 1 TENK OVER: KVA ER UKM FOR DEG?«UKM er tilhøyrsle, fordi det gir meg fridom til å feile» Utvikling, erfaring, fellesskap, vennskap, møteplass, moglegheiter. 2 IKKJE BRUK ORD SOM JURY, VINNARAR,
Her er nokre gode råd til konferansierane våre!
10 råd til konferansieren
1 TENK OVER: KVA ER UKM FOR DEG?
«UKM er tilhøyrsle, fordi det gir meg fridom til å feile»
Utvikling, erfaring, fellesskap, vennskap, møteplass, moglegheiter.
2 IKKJE BRUK ORD SOM JURY, VINNARAR, FINALE, FINALE
ELLER FINALE!
Ikke lag et konkurranse-fokus.
3 LÆR DEG NAMNET PÅ ARRANGEMENTET OG SAMKØYR
MED DINE MEDKONFERANSIERAR.
Ikkje veksle på “UKM-festivalen”, “Landsmønstring” etc.
4 ARTISTEN ER MIDTPUNKTET, IKKJE DU.
Dropp standup, Tinder eller å snakke om sivilstatus.
5 FÅ FRAM DEI GODE HISTORIENE.
Kvifor Ole skriv musikk er viktigare enn at han har spelt gitar i 3
år og 5 månedar.
6 TILPASS INTRODUKSJON TIL INNHOLD OG KULTURUTTRYKK
Rockeband og noveller treng forskjellige stemningar. Bruk
introduksjonen til å forsterke artisten sitt uttrykk.
7 IKKJE SEND SKRYT BAKOVER, MEN LEGG FOKUS
FRAMOVER I SHOWET.
Bruk scenetida til å presentere neste innslag.
8 VER FORBEREDT TIL Å SNAKKE LENGER ENN DU MÅ!
Sjå på plan over sceneskift / changeover og planlegg deretter. Sjå faremomenter.
Tekniske utfordringar kan oppstå når som helst.
9 HA GOD KOMMUNIKASJON MED TEKNIKARAR OG
PRODUKSJONSAPPARATET.
Skaff deg oversikt over kva som skjer på huset, eventuelle
utfordringar og finn løysingar saman.
10 SKAP EIT TRYGT FORHOLD MELLOM DEG OG DEI DU SKAL
PRESENTERE
Dei lenar seg på deg.
GODE SPØRSMÅL Å STILLE TIL ARTIST I FORKANT:
Kva er ditt største mål med xxx?
Kven er forbildet ditt?
Viss det er éin ting du vil at publikum skal få med seg, kva er det?
Korleis finn du på nytt stoff?
Har du andre interesser utenom xxx?
Kva fekk deg til å begynne med xxx?
Om du skulle meldt deg på med noko anna, kva ville det ha vore?