Velkomen til UKM Vestland nord 2024!

Fylkesfestivalen UKM Vestland nord vert i år arrangert i Sunnfjord kommune 19. – 21. april.

Fylkesfestivalen UKM Vestland nord vert i år arrangert i Sunnfjord kommune 19. – 21. april.

Hovudarenaen er Førdehuset, som ligg rett utanfor Førde sentrum. Her vil framsyningar, kunstutstilling, matservering og sekretariat vere. Workshops vil finne stad både på Førdehuset og andre plassar i Førde sentrum.

Overnatting

Deltakarar og reiseleiar overnattar på Førde ungdomsskule, som ligg rett bak Førdehuset. Kvar kommune får tildelt kvart sitt klasserom til sovesal. Det vert kun overnatting på skulen; alle måltid blir servert på Førdehuset. Det vil vere nattevakter frå Røde Kors. Skulen vil bli låst på dagtid, men ein kan låne nøkkel i sekretariatet.

Workshops

Programmet er under arbeid, og vi har nokre workshops klare allereie no. Mellom anna kan du forvente låtskriving, maling, dans, yoga, byttemarknad og mykje meir. Workshops vert arrangert laurdag i tidsrommet kl 10:00 – 15:00 og søndag 10:00 – 13:00. Påmelding til alle workshops vil opne 20. mars.

Framsyning

Det blir tre framsyningar i løpet av festivalen, desse vil vere i Storsalen på Førdehuset. Øving med husband er på fredag ettermiddag og laurdags morgon. Det blir teknisk prøve før kvar framsyning,

Framsyning 1 – Fredag kl 20:30

Framsyning 2- Laurdag 18:30

Framsyning 3 – Søndag 13:30

«Løa-laurdag» – ungdomsklubb

Laurdag 20. april inviterer vi deltakarane til ein kjekk kveld på ungdomsklubben Løa. Her blir det mykje kjekt å finne på, frå biljardbord, spel og øvingslokale. Vi håpar også å få på plass ei jamscene.

Kart over festivalområde

Meir detaljert informasjon og program kjem snart.