Workshop!
Vi har no opna påmelding til workshop under fylkesfestivalen i Førde. Les om alle workshops under her.

Påmelding til workshop under fylkesfestivalen i Førde opnar 27. mars kl. 09:00.
Alle workshops vil vere laurdag kl. 10:00 – 15:00 og søndag kl. 10:00 – 13:00. Det er maks to workshop per deltakar og påmeldingsfrist er 12. april kl. 23:55.
Les om alle under her og meld deg på lenka her.
Arrangere byttemarknad med Poden & Boden
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 09:00 – 15:00
Stad: Utanfor Poden & Boden, Elvevegen 13
Er du interessert i klede? Og lurer på korleis det er å drive ein bruktbutikk?
Saman med den populære og nyoppstarta bruktbutikken «Poden & Boden» kan du vere med å arrangere byttemarknad, organisere klede og hjelpe folk å finne gode gjenbruksskattar.
Byttemarknaden er opent på Elvekanten laurdag kl. 10:00 – 14:30
Denne workshopen er i fleire tidsrom.
Opprigg alle er med: 09:00 – 10:00
Gruppe 1: 10:00 – 11:15
Gruppe 2: 11:15 – 12:30
Lunsj og konsert på Elvetorget: 12:30 – 13:15
Gruppe 3: 13:15 – 14:30
Nedrigg alle er med 14:30 – 15:00
Kun 6 plassar på denne workshopen
https://www.instagram.com/podenogboden/

Gaming med Sunnfjord sport og gaming
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 10:00 – 12:00 og kl. 13:30 – 15:00
Stad: Spenst Førde, Hafstadvegen 36
Bli med i Sunnfjord sport og gaming sine lokalar for å ha det kjekt i lag med gaming. Dei har 16 datamaskiner og lounge med PlayStation 4 og Nintendo Switch. Deltakarar treng spelarkonto på til dømes Epic eller Steam, då det er kun nokre få kontoar til låns.
https://www.instagram.com/sunnfjordsportoggaming/

Moderne dans med Danseverkstedet
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 10:00 – 11:00 og kl. 13:30 – 14:30
Stad: Danseverkstedet, Prestebøen 8
I denne workshopen får de lære ein koreografi av dansepedagog Andrine frå Danseverkstedet. Andrine har lang danseerfaring frå Danseverkstedet, Terpsichore Dansekompani, Hildemors Dansesenter og Bergen Dansesenter. Ho har også ein treårig bachelor i Dance Performance frå Middlesex University i London. Dansestilen for denne workshopen er moderne dans. Moderne dans handlar om å bruke rommet og uttrykke følelsar med naturlige bevegelsar, ein dansar liggande på golvet, men også ståande. Når eg set saman bevegelsar, likar eg å bruke mjuke og runde bevegelsar som glir over i kvarandre. Workshopen er for alle, både nybegynnarar og erfarne dansarar.
Fordi vi dansar litt liggande på golvet, kan det vere lurt å ha på seg lang bukse/tights og t-skjorte/langerma gensar.
https://www.instagram.com/danseverkstedet/

Låtskriving med Line Dybedal
Tidspunkt: Laurdag 20. april og søndag 21. april kl. 10:00 – 12:15
Stad: Musikkrom på Førdehuset, Angedalsvegen 5
På dette workshopen jobbar de med tekst og musikk. Kva element må til for å lage ein låt? Korleis jobbe fram ein god tekst? Korleis få ut dei kreative musikalske ideane dine? Workshophaldar Line Dybedal vil hjelpe og gi gode verktøy for å skrive tekstar. Line Dybedal er låtskrivar, musikar, forfattar og artist frå Selje.
https://www.instagram.com/linedybedal/

Maol og moro med Huldri Galleri
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 10:00 til 12:30
Stad: Huldri Galleri, Naustdalsvegen 5
Kunstneriske og eksentiske Huldri møter oss på Huldri Galleri for «Maol og moro». Ein stund til å senke skuldrane, vere sosial og skape maleglede.
Ho vil plukke ut ulike motiv som deltakarar kan utfordre seg på. Ho vil gå rundt å instruere, gi råd, ros og inspirere. Huldri vil vise sin teknikk for å fram dei ulike motiva.
Dette blir kjekt???
https://www.instagram.com/huldrigalleri/

Dynamisk og roleg yoga med Yoga Sunnfjord
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 11:00 til 12:00
Stad: Spenst Førde, Hafstadvegen 36
Yoga Sunnfjord tar med stive og tøyelige UKMere på ein dynamisk og rolig 60 minutters yoga. Det vil vere ein myk og styrkende yoga i rolig tempo. Underveis i timen vil ein fokusere på varmende og rolig pust, styrke, balanse og til slutt avspenning. Timen passer for alle. Møt i Yoga Sunnfjord sine lokaler 15 min. før timen. Ta gjerne med vannflaske og klær som er litt «løse og ledige» (ikke hettegenser) Timen foregår barbeint helst, men en kan også benytte sokker.
https://www.instagram.com/yogasunnfjord/

Konsert i sentrum
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 11:30 – 13:30
Stad: Torgscena på Elvetorget, Naustdalsvegen 1A
Ved handlesenteret Elvetorget i Førde sentrum skal UKM ha lunsj-konsert på utescena! Vil du eller gruppa di opptre på denne konserten? Då kan du melde deg på denne workshopen. Konserten byrjar kl. 13:00. Lydprøve og opprigg frå kl. 11:30. Unge Arrangørar vil vere hovudarrangør av denne konserten.

Grafitti med Mr. Adolfito
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 13:30 – 15:00
Stad: Vegg på Elvetorget, Naustdalsvegen 1A
Lær å male med sprayflasker med Mr. Adolfito! Adolfo Martinez er ein meksikansk gatekunstnar som no bur i Bergen.
Saman med Adolfo skal gruppa male ein vegg på Elvetorget og lage eit kunstverk saman. Heilt lovleg altså!
Ta på klede og sko som du ikkje er redd for å få malingsflekkar på.
https://www.instagram.com/mradolfito/

Sosiale medier med Anniken Gjørøy
Tidspunkt: Søndag 21. april kl. 10:00 – 12:30
Stad: Peisestova rom 2, Angedalsvegen
På denne workshopen vil du lære «the ground rules» til Instagram og TikTok! Korleis skapar ein eit godt innhald? Korleis når du ut til flest mogleg med det du formidlar og korleis lagar du ein god «reel»? Etter dette kurset vil du ha ei god forståing av sosiale medier og kva du kan gjere for å vokse på dine plattformer!
Kurshaldar Anniken Gjørøy er fotograf og innhaldsskapar frå Askvoll som elskar å vere kreativ, nysgjerrig og utforskande!
https://www.instagram.com/by.anniken/

Sy om med Midtre Sunnfjord Husflidslag
Tidspunkt: Søndag 21. april kl. 10:00 – 13:00
Stad: Klasserom i peisestova på Førdehuset, Angedalsvegen 5
Har du gamle tekstilar frå sengkle eller gardiner som du ynskjer å lage noko nytt av? På denne workshopen kan ein lage kule knyteposar i valfritt tekstil. Du kan ta med tekstil sjølv, men det vil også vere tilgjengeleg tekstil. Denne workshopen passar for både erfarne og uerfarne syarar. Ein vil få innføring i bruk av symaskin og andre teknikkar.
https://www.instagram.com/midtre_sunnfjord_husflidslag/

Ghostbusters: Frozen Empire med Førde Kino
Tidspunkt: Laurdag 20. april kl. 14:30 – 16:35
Stad: Lisjesalen på Førdehuset, Angedalsvegen 5
Få eit lite avbrekk før framsyning med den nye filmen «Ghostbusters: Frozen Empire». I filmen vender Spengler-familien attende til staden der alt starta: den ikoniske brannstasjonen i New York City. Her slår dei seg saman med dei opprinnelege Ghostbusters, som har utvikla eit topphemmeleg forskningslaboratorium for å ta utrydding av spøkelser til neste nivå. Men når oppdaginga av ein gamal gjenstand slepp laus ei frykteleg kraft, må gamle og nye Ghostbusters slå seg saman for å redde heimen sin og verda frå ei ny istid.