Unge Arrangørar møtast 5. april!
Fredag 5. april møtast Unge Arrangørar på Skei for inspirasjon og planleggingsmøte til årets fylkesfestival.
Fredag 5. april møtast Unge Arrangørar på Thon Partner Hotel Jølster på Skei for inspirasjon og planleggingsmøte til årets fylkesfestival. UKM fylkesfestivalen blir ei travel og kjekk helg for unge arrangørar. For å bli godt kjent med kvarandre, idémyldre og fordele oppgåver skal vi i år ha eit planleggingsmøte i forkant av fylkesfestivalen. Under festivalen skal Unge Arrangørar vere bak scena som scenearbeidarar og vere med å styre lyd og lys. I tillegg vil dei vere i sekretariatet med registrering og informasjon, også vil dei arrangere aktivitetar for alle deltakarar utanom program.
Frå kl. 11:00 – 16:00 møtast vi på Thon Partner Hotel Jølster på Skei, for idemyldring, planlegging og mat. Det blir servert lunsj og middag før vi avsluttar.
Meld deg på planleggingsmøte her!