Det lokale UKM arrangementet for 2025!

Laurdag 15.februar er det klart for Etne og Vindafjord sitt lokale UKM arrangement. I år skal arrangementet vera på Ølen kulturhus. Arrangementet opnar med ei kunstutstilling kl 16:30 og deretter blir det forestilling på scenen. Påmeldinga er open, både frå Vindafjord og frå

Laurdag 15.februar er det klart for Etne og Vindafjord sitt lokale UKM arrangement.

I år skal arrangementet vera på Ølen kulturhus.

Arrangementet opnar med ei kunstutstilling kl 16:30 og deretter blir det forestilling på scenen.

Påmeldinga er open, både frå Vindafjord og frå Etne.

Aldersgrensa på det lokale UKM arrangementet er frå 10-20 år. (Alder for å bli sendt vidare til fylkesmønstringa er 13-20 år).

Det held at minst 50% av deltakarane i innslaget er innanfor alderen, og ein vaksen lærar/trenar kan til dømes vera med å akkopagnera solisten.

Ungdom kan delta i dei aller fleste kulturelle uttrykksformer og sjangrar:

Musikk, dans, film, kunst, drama, dikt, drilling, sjonglering, trylling, akrobatikk med meir. Kunstutstillinga kan ha alt frå fotografi, kunstbilete, redesign av klær, keramikk med meir. Her gjeld det å vera kreativ!

Det er også mogleg å bli med som konferansier (begrensa plass) og arrangør.

Som arrangør kan de få oppgåver som å hjelpa til med å rigga opp og ned scenen, vera backstage eller i kiosken, og mykje meir.