Informasjon om lokalmønstringa
Lokalmønstringa vert arrangert laurdag 1.februar på Leiknes skule. Påmeldinga startar 1.november og vert avslutta torsdag 16.januar.

Lokalmønstringa vert arrangert laurdag 1.februar på Leiknes skule. Påmeldinga startar 1.november og vert avslutta torsdag 16.januar. Det er ikkje mulig å trekke seg etter fristen er ute. Det er gratis å delta, og gratis inngang for publikum på mønstringa.
UKM Nordhordland er eit samarbeid mellom kommunane Fedje, Masfjorden, Austrheim og Alver ( Radøy, Lindås og Meland). Aldersgrensa er 10-20 år. Nokre ungdomar vert plukka ut til å representere Nordhordland på ei fylkesmønstringa på Voss 24-26 april, aldersgrense 13 år.
HUSBAND. Me har også i 2020 husband på plass. Ynskjer du å delta med husband, må du skrive dette inn i teknisk beskrivelse under påmeldinga før fristen går ut. Me har flinke musikarar på plass, med god kunnskap i å følgje opp ungdom innan musikk og UKM. Du kan delta med maks 1 song per innslag på maks 5 minuttar. Du får muligheten til å øve med husband fredag 31.januar på dagtid/kveld ( 10-15 min). Det er planleggingsdag denne dagen. Treng du komp til klassisk innslag må du skrive dette inn under teknisk beskrivelse. Det er ikkje muligheit til å delta med playback.
Vil du delta som UNG arrangør?
UKM er for og av ungdom. Me har i fleire år hatt unge arrangørar som er med på planlegginga og gjennomføringa av UKM. Nytt frå i år er at ungdom kan sende inn søknadsskjema om å delta som Ung arrangør. Dessverre så er det begrensa plassar. Fristen er satt til torsdag 7.november for å sende inn skjema. Grunnen til at det er søknadsfrist er at unge arrangørar skal få arbeide tett saman med arrangørar for å planlegge mønstringa 2020. For å bli med som ung arrangør må du vere født i 2004-2000. For meir informasjon, les inne på skjema.
Kunst. Du kan delta med inntil 3 kunstverk på lokalmønstringa.Husk å skriv i beskrivelsen under påmeldinga, kor stor kunsten er og om det eventuelt er ramme på bilde. Nytt frå i år er at kunsten leverast inn dagen før mønstringa, fredag 31.januar mellom kl. 13.00-15.00 på Leiknes skule. Her får kunstnaren vere med å henge opp/plassere kunsten og vert intervjua av konferansierar.
Konferansierar på mønstringa. Ungdom kan melde seg på som konferansier, og får tildelt ei forstilling saman med ein annan ungdom. Det er begrensa plassar, og påmeldinga stengast når det er fullt. Me ynskjer at ungdom som er meldt på, ikkje trekker seg underveis. Konferansierar må delta på ein konferansierworkshop fredag 31.januar på dagtid.
Du kan også melde deg på som filmskapar. Har du til dømes laget film, trailer, musikkvideo så kan du melde denne på årets mønstring. Filmen kan vare i maks 5 minuttar, og denne må leveres til ein av kommunekontaktene minst 1 veke før mønstringa.
Ungdom kan også melde seg på som mediadeltakar. Her er det begrensa plassar, og påmeldinga stengast når det er fullt. Som mediadeltakar tar de bilde av deltakarar både framfor og bak scena. Alle deltakarar må ha med eige utstyr, som fungerar for å kunne ta bildar av deltakarar på stor scene. UKM media er ein læringsarena, men det anbefalas at de har kunnskap om utstyret ein har med og kan bruke det. Alle på media må delta på ein workshop fredag 31.januar på dagtid. UKM Nordhordland har dessverre ikkje fleirkamera.
Har du andre spørsmål om UKM Nordhordland, eller andre innslag ta kontakt med ein av arrangørane. Nytt av frå i år er at det ikkje er kommunekontakter knytt opp til kvar kommune, men for mønstringa. Arrangørar for mønstringa er Katarina Birkeland, Robert Lorang Hansen og Anita Soltveit.
