OPPDATERT: I år vert UKM AUKRA 2020 lokalmønstring 29. februar avlyst. Dette grunna få påmeldte. I samråd med dei som var påmeldt har dei i staden fått tilbod om å syne sine påmeldte innslag for fagpersonar frå Aukra kulturskole. Dei vil da få ei fagleg vurdering og kunne verte nominert til UKM Fylkesfestivalen i Kristiansund ... Les mer
Nettpåmeldingen er stengt. Hvis du vil melde deg på, eller endre din påmelding, kan du snakke med kontaktpersonene.
Spørsmål?

OPPDATERT:

I år vert UKM AUKRA 2020 lokalmønstring 29. februar avlyst. Dette grunna få påmeldte. I samråd med dei som var påmeldt har dei i staden fått tilbod om å syne sine påmeldte innslag for fagpersonar frå Aukra kulturskole. Dei vil da få ei fagleg vurdering og kunne verte nominert til UKM Fylkesfestivalen i Kristiansund 30.april-3.mai. Nytt frå i år er at UKM tek i mot nominering av deltakarar frå alle kommunane. Nominering og vurdering kan skje over fleire arrangement heile året.

Vi har hatt UKM Kunstverkstad og skal ha Antipode – Fotoworkshop for ungdom på Aukra! 11. mars. Deltakarane kan nominerast frå desse og fleire arrangement gjennom året.

Dette opnar da for at ungdom kan verte nominert utan at ein deltek på ei lokalmønstring. UKM Møre og Romsdal gjer endeleg uttak av kven som går vidare til UKM fylkesfestival. Me ønskjer våre deltakarar masse lykke til!

Det skjer mykje spennande med heile formatet til UKM og du kan lese meir om det her: http://bit.ly/UKMblirny

—————————————————————–

UKM – Ung Kultur Møtast

Meld deg på UKM og vis kva du kan!

// Fristen for påmelding er 7. Februar // https://ukm.no/aukra/

Det er mange kategoriar du kan delta i denne gongen: Sceneinnslag som dans, musikk, film, litteratur, teater, samt utstilling av kunst og foto. Du kan også delta i kategoriane arrangør, konferansier og media – det kan vere alt frå marknadsføring, til lyd og lys eller filmproduksjon.

Her er det moglegheiter for alle -om du vil formidle noko frå scena, vere med som arrangør av UKM eller stille ut kunst eller fotografi.

Aukra Ungdomsråd er arrangør av UKM Aukra. Om du har spørsmål kan du ta kontakt med ungdomsrådet eller Aukra kulturskole. Ta turen!

strong>UKM AUKRA 2020

Det vert arrangert lokalmønstring laurdag 29. februar i Storsalen, Riksfjord for ungdom i alderen 13-20 år. Du kan melde deg på om du fyller 13 år i 2020. Er det fleire deltakarar i eit felles innslag, der halvparten av deltakarane er innanfor aldersgrensa, kan yngre deltakarar melde seg på. Påmeldingsfristen er 7. februar.

Du kan melde deg på med sceneinnslag av ulike slag, kunst, dikt, foto, UKM arrangør, konferansier, teater eller å trikse med ein ball. Her er det berre fantasien som sett grenser.

Aukra Ungdomsråd er arrangør og saman skapar vi magiske øyeblikk der Ung Kultur Møtes – UKM.

Arrangement på Facebook https://www.facebook.com/events/525524831411314/