Tusen takk for i år, Stad UKM!
Kjære alle sammen! Tusen takk for at dokke var med på å sette saman eit kjempeflott arrangement i Operahuset i dag! Vi set utruleg stor pris på alle som har meldt seg på! Også til tilbakemelding frå det flotte fagpanelet, Martha Pavelich,

Kjære alle sammen!
Tusen takk for at dokke var med på å sette saman eit kjempeflott arrangement i Operahuset i dag! Vi set utruleg stor pris på alle som har meldt seg på!
Også til tilbakemelding frå det flotte fagpanelet, Martha Pavelich, Øyvind Ariansen, Rita Borgundvåg og Peter-John DeVilliers.
“Det har vore veldig mykje varierte og flotte innslag, både på kunst og på scene. Det er også veldig kjekt å sjå at mange har meldt seg på i fleire sjangrar, og har eit bredt spekter av kulturell kompetanse – Vi er veldig imponert over nivået og oppmodar alle til å halde fram med kultur og å melde seg på til neste år også!”
Dei fagpanelet har valt å sende vidare til fylkesfinalen i Førdehuset 19-21 April er følgande:
På Sceneshow:
-Jenny og Edit
-Ida og Maria
-Idalia Reksnes
-Emma Bjørhovde Raudi
-Lily og Kristianne
Kunstutstilling:
-StrekForStrekAvAgate – “Tinka”
-Pernille Sødermann – “2 sekkar + Toalettveske”
-Emma B. Raudi – “Sincere”
-Kanutte Haugen – “Greed”
-Polina Mladshykh – “hoshino Eye”
-Samuel Holmen Balsnes – “Love letter to you 3”
-Hanne Helene K. Leite – “Adam and Eve”
-Idalia Reksnes – “Cats”
-Nora Vengen Riksfjord “Hjort & Hårreisande”
Meir info om fylkesfestivalen blir sendt ut til dei deltakarane som skal delta.
Ein kan og finne informasjon på denne nettsida: UKM Vestland fylkesfestival
Vi takkar igjen alle saman for dei flotte bidraga, og så sjåast vi att neste år!