Klart for UKM-festivalen i Høyanger
Gruppa A thousand pandas frå Bremanger, dansaren Jeanne Nsabimbona frå Vik og konferansier Solveig Djupegot frå Gloppen i Høyanger er blant dei du møter i Høyanger i helga. Då er det nemleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.

I løpet av festivalhelga 31. mars til 2. april skal ungdommane delta på sceneframsyningar og utstillingar, som er opne for publikum. Framsyningane vert leiar av unge konferansierar, og i kulissane er det mange unge arrangørar. UKM Media med deltakarar frå kommunane og medium og kommuniaksjon-linja ved Sogndal vidaregåande skule, skal ta bilete og filme framsyningane.
NRK Sogn og Fjordane sender framsyningane direkte på nettsidene sine.
URG tek sosialt ansvar
I tillegg til dei «vanlege» UKM-framsyningane og -utstillingane, blir det konsert i Festsalen i Høyanger samfunnshus fredag kveld og i Høyanger kyrkje laurdag kveld. Det er også sjanse for å møte UKM-ungdommar også andre stader i industristaden? Det skal nemleg vere workshop i pop-up konsertar i sentrum.
Leiar for Ungdommens ressursgruppe (URG) i Sogn og Fjordane, Jenny Hatlelid Holsæter, gler seg til festivalen.
– Vi har jobba lenge med å førebu det som skal skje i Høyanger. Vi har ansvar for det sosiale og skal arrangere både jam og ulike konkurransar for deltakarane, fortel ho.
Mange workshops
Å få prøve nye ting er ei viktig side ved UKM-festivalen. Difor skal deltakarane vere med på workshops både laurdag og søndag.
– Det blir veldig mange kjekke workshops, Eg gler meg spesielt til workshop i foto med Arve Ullebø, seier Jenny.
I tillegg blir det workshop i mellom anna 3D-animasjon, trådsløyd og vev, låtskriving og improvisasjonsteater.
Vidare til nasjonal festival
Eit fagpanel skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonal UKM-festivalen i Sandnes i juni. Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket. Også unge konferansierar, unge arrangørar og deltakarar i UKM Media kan gå vidare.
Meir informasjon om fagpanelet her.
Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune som eig arrangementet og OnCue Music Productions AS som er hovudarrangør.
Offisielt program for UKM-festivalen
Fredag
Kl. 20.00 UKM-konsert i Festsalen i Høyanger samfunnshus
Laurdag
Kl. 14.00 Opning av kunstutstilling, Høyanger vgs.
Kl. 15.00 Framsyning 1, Høyangerhallen
Kl. 18.00 Framsyning 2, Høyangerhallen
Kl. 21.00 Kyrkjekonsert, Høyanger kyrkje
Søndag
Kl. 13.00 Framsyning 3, Høyangerhallen
Kl. 16.00 Framsyning 4, Høyangerhallen
Kunstutstillinga vert open fram til kl. 18.00 laurdag og frå kl. 10.00 til kl. 16.00 søndag.
Detaljert program på nettsidene til UKM-festivalen.
Oversikt over deltakarar finn du òg på nettsidene til UKM-festivalen.
For meir informasjon
Stig Aron Kamonen
OnCue Music Productions AS
901 87 738
ukm@oncue.no
Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no
Jenny Hatlelid Holsæter
leiar, ungdommens ressursgruppe
476 41 187
sognogfjordane@urg.ukm.no