Det lokale UKM arrangementet 2025!

Laurdag 15.februar er det klart for Etne og Vindafjord sitt lokale UKM arrangement.

Laurdag 15.februar er det klart for Etne og Vindafjord sitt lokale UKM arrangement.

I år skal arrangementet vera på Ølen kulturhus.

Arrangementet opnar med ei kunstutstilling kl 16:30 og deretter blir det forestilling på scenen.

Påmeldinga er open, både frå Vindafjord og frå Etne.

Aldersgrensa på det lokale UKM arrangementet er frå 10-20 år. (Alder for å bli sendt vidare til fylkesmønstringa er 13-20 år).

Det held at minst 50% av deltakarane i innslaget er innanfor alderen, og ein vaksen lærar/trenar kan til dømes vera med å akkopagnera solisten.

Ungdom kan delta i dei aller fleste kulturelle uttrykksformer og sjangrar:

Musikk, dans, film, kunst, drama, dikt, drilling, sjonglering, trylling, akrobatikk med meir. Kunstutstillinga kan ha alt frå fotografi, kunstbilete, redesign av klær, keramikk med meir. Her gjeld det å vera kreativ!

Det er også mogleg å bli med som konferansier (begrensa plass) og arrangør.

Som arrangør kan de få oppgåver som å hjelpa til med å rigga opp og ned scenen, vera backstage eller i kiosken, og mykje meir.

Dansejenter frå UKM arrangementet i 2024