vis kart

Lør 07. mar kl. 15 19

Stavanger

METROPOLIS STAVANGER

les mer

Ingen blir videresendt

Fylkesfestivalen for UKM Rogaland 2020 blir avlyst på grunn av koronasituasjonen

Rogaland fylkeskommune og Sauda kommune har avgjort å avlysa fylkesfestivalen for UKM 2020 på grunn av korona-situasjonen.

Rogaland fylkeskommune og Sauda kommune har avgjort å avlysa fylkesfestivalen for UKM 2020 på grunn av korona-situasjonen.

Me har fylgt nøye med på oppdatererte råd frå Folkehelseinstituttet og retningslinjene som har komme frå kommunane i fylket. Alle deltakarane vil få ein sms av oss med denne informasjonen. Slik utviklinga er nå, ser me det ikkje som forsvarleg å gjennomføra festivalen sjølv med gode tiltak for å hindra smitte. Avgjerda er mellom anna basert på at deltakarane kjem frå alle kommunane i Rogaland, at dei går på både ungdomsskular og vidaregåande skular, at fylkesfestivalen er over ei heil helg, at deltakarane har nær kontakt med kvarandre og at det er matservering og overnatting på festivalen. Me forstår at mange deltakarar blir skuffa over dette, men trur dei vil ha forståing for risikovurderinga vår.

Det er ennå ikkje avgjort kva som skal skje med den nasjonale UKM-festivalen. Me vil komma tilbake med informasjon på nettsida og fjesboksida vår så snart me veit meir.

Kunstdeltakarane og kommunekontaktane vil få informasjon om korleis me skal returnera kunstverka frå Sauda til deltakarane så snart me har ein plan for dette.

Les mer på nettsiden til UKM-festivalen i Rogaland

  1. Hva er UKM?

    Ønsker du å skape noe, møte likesinnede og utvikle talentet ditt? UKM er en møteplass for ungdom og kultur, der vi skaper noe sammen.

    Her kan du vise frem det du brenner for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, enten det er sang, fotokunst, cosplay eller moderne dans.

    Vi er her for å gi deg muligheten til å drive med det som interesserer deg! Kanskje oppdager du også noe nytt? Hos oss kan du være den du vil.

    Les mer